Péninsule Rallier du Baty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 49°36′S 68°56′E
Péninsule Rallier du Baty
halvøy
none
Land Flag of France.svg Frankrike
stad Kerguelen
 - koordinatar 49°36′S 68°56′E

Péninsule Rallier du Baty eller Presqu'ile Rallier du Baty er ei halvøy på Grande Terre, hovudøya i den subantarktiske øygruppa Kerguelen i det sørlege Indiahavet. Ho dekkjer den sørvestlege delen av øya og er kring 35 km lang og 25 km på det breiaste. Ho er kalla opp etter Raymond Rallier du Baty, ein fransk sjømann som kartla øygruppa tidleg på 1900-talet. Îles Boynes det sørlegaste landområdet til Frankrike, om ein ser bort frå Adélie Land i Antarktis, ligg 30 km sør for enden av halvøya.

Viktig fugleområde[endre | endre wikiteksten]

Den vestlege halvdelen av halvøya ar av BirdLife International fått status som viktig fugleområde (IBA) på grunn av dei mange hekkande sjøfuglane med minst 31 forskjellige artar. Området grensar til Cookbreen i sør og aust og til Arête Jérémine og hovudryggen på halvøya. Sidan ho er isolert av elvar og isbrear, er dette den einaste staden på Grande Terre der ein ikkje finn kattar og rotter, medan ein finn nokre kaninar heilt nord. Landskapet er åslendt og stort sett utan vegetasjon. Det finst getermisk aktivitet i området med ventilar som slepp ut damp og gass. Dei isdekte fjella er gjennomskore av bredalar. Staden vert sjeldan vitja folk.[1]

Her finst pengvinar, med 10 000 par av austleg klippehopparpingvin, opp til 3000 par bøylepingvinar, 60 000 par kongepingvinar og over ein halv millionar par gulltoppingvinar. Kolonien på 750 par vandrealbatrossar er den største i Kerguelen. Det er den einaste hekkestaden i øygruppa for sørkjempepetrellar. Her finst òg kvithovudpetrell, smalnebbkvalfugl og antarktiskvalfuglar og kortnebbdukkpetrell og smalnebbdukkpetrell. Andre fuglar her er kerguelenand, kerguelenskarv, maskeslirenebb og kerguelenterne.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International. (2012). Important Bird Areas factsheet: Péninsule Rallier du Baty. Downloaded frå http://www.birdlife.org on 17. oktober 2012,