Péter Lékó

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Péter Lékó 6. august 2006

Péter Lékó (fødd 8. september 1979 Subotica i Jugoslavia) er ein ungarsk sjakkspelar. Han var eit sjakk-vidunderbarn og blei Stormeister i sjakk i 1994, berre 14 år gamal. Han var den yngste som hadde oppnådd denne tittelen då. På Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste over dei høgast rata spelarane i verda ligg han på ein 10-plass pr 1. juli 2008 med ein rating på 2741.

I september - oktober 2004 spelte Lékó tvekamp om den såkalla klassiske verdsmeisterskapen i sjakk mot verdsmeistaren Vladimir Kramnik, Russland, i Brissago i Sveits. Kampen gjekk over 14 parti, og etter 13 parti leia Péter Lékó med 7-6. Men Kramnik vann det siste partiet, sluttresultatet vart uavgjort 7-7, og Kramnik kunne behalde tittelen etter dei reglane som var sett opp for tvekampen.

Sterke resultat[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]