Pétionville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 18°31′N 72°17′W

Pétionville is located in Haiti
Pétionville avmerkt på Haiti-kartet

Pétionville (haitisk: Petyonvil) er ein forstad til Port-au-Prince i Haiti, i bakkane aust for byen. Han ligg åtskild frå Port-au-Prince i nordhellingane til Massif de la Selle. Saman med Port-au-Prince, Carrefour og Delmas dannar han det såkalla Aire Metropolitaine. Byen er oppkalla etter Alexandre Sabès Pétion (1770–1818), ein haitisk general og president som i seinare tid har vorte sett på som ein av fire grunnleggjarar av landet.

Pétionville er ein meir velståande del av storbyområdet Port-au-Prince, og mesteparten av turistnæringa er lagd til dette området. Mange diplomatar, utanlandske forretningsfolk og velståande haitiarar bur i Pétionville.

Utsikt over åsen i Pétionville

Trass i avstanden til Port-au-Prince og den relative overfloda blant innbyggjarane, har den manglande handhevinga av byggjeforskrifter ført til framvekst av brakkebyar i utkanten av byen. Tilstrøyminga av fattige har vore sterk.

Pétionville har i sektorar som Laboule og Morne Calvaire ei rekkje palassliknande herregardar. Dei rike der er også langt betre verna av politi og vaktstyrkar enn elles i landet generelt. Nattelivet og forretningsverksemda, og dei mange barane, klubbane, hotella og restaurantane, gjev byen eit ganske anna preg enn det sentrale Port-au-Prince. Det kjende hotellet El Rancho ligg i Pétionville.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]