Píndos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Píndosfjella

Píndos (gresk Πίνδος, arumensk Pind og på fleire språk Pindus) er ei fjellkjede nord i Hellas. Ho er om lag 160 km lang og på det høgaste 2 637 moh (Smólikas). Fordi ho går langs grensa mellom Thessalía og Ípiros vert Píndoskjeda ofte kalla «ryggraden til Hellas». Fjellkjeda strekkjer seg frå grensa til Albania, går gjennom periferiane Ípiros og Vest-Makedonía og sørover til områda nord for Peloponnes.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Píndos er den sørlege delen av ei lang rekkje av fjellkjeder som går søraustover frå Alpane, via Dei dinariske Alpane til Hellas, og inkluderer Šar-Korab-massivet, Píndos, Parnassós, Khelmós (Aroánia) og resten av Peloponnes. Det sørlegaste fjellet i dette fjellsystemet er Taýjetos.

Fjellkjedesystemet held fram sørover langs øyane i Egearhavet, som Kýthira, Andikýthira, Kreta, Kárpathos og Ródos, i tillegg til dei mange mindre øyane rundt desse større. Fjellsystemet går på land igjen sør i Tyrkia som Taurusfjella.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Perivoli

Det ligg mange landsbyar i Píndos. Ein av dei er Samarína som er ein av dei høgastliggande i Hellas. Nokre landsbyar, som Perivóli, har samfunn med arumenarar (vlachar), som opphavleg var gjetarar og bønder. Dei siste tiåra har fleire landsbyar, som Métsovo, utvikla seg til turistdestinasjonar med skisenter.

Natur og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Píndos har eit varierande dyre- og planteliv med habitat frå djupe ravinar til bratte fjellsider. Generelt kan ein dele fjella inn i to store skogsoner:

Store koloniar med hekkande hegre, skjestork, silkeheire og pelikan held til nær dei kjølige fjellvatna i skogane. Dette er eit av få område i Europa der ein finn den sjeldne krøllpelikanen. Ulv, sjakal og bjørn held òg til i skogane.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Skogane i dette økoområdet har vore utsett for mange trugslar gjennom historia, inkludert overbeiting, jordbruk og avskoging. Den største trugselen no kjem frå fjellturisme og skisentera. Gruvedrift etter brunkol, overbeiting og snauhogst har ført til ustabile jordsmonn i bratte fjellsider, noko som vidare har ført til farlege jordras. Dette har òg truga det biologiske mangfaldet i økoregionen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]