Píros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Píros
Πείρος
800px-Peiros river.jpg
Utspring Erýmanthosfjellet i Akhaía
Munning Pátrabukta
Land i nedslagsfelt Hellas Hellas
Lengd om lag 20 km

Píros (gresk Πείρος) eller Peiros er ei elv sentralt og nordvest i periferieininga Akhaía i Hellas. Elva har lokalt mange namn som Kamenítsa (Καμενίτσα), Méllas (Μέλλας), Píeros (Πίερος), Nezerítiko (Νεζερίτικο), Prévedos (Πρέβεδος) og Akhelóos (Αχελώος).

Píros er den lengste elva Akhaía. Ho har sitt utspring aust i Erýmanthosfjellet og renn gjennom kommunane Kalávryta, Trítéa og inn i Khaikáli og Tóskes, og så vidare gjennom Olenía og Dými. Elva munnar ut i Pátrabukta vest for Alissós og aust for Káto Akhaía. Det er planlagd å byggje ei demning på elva som vil danne Píros-Parapíros-reservoaret. Dette vil gje straum til Pátra.

Elva ligg nær to antikke byar, Ólenos i Dými og Farrai (Farrés).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]