Pølse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polske pølser: Kiełbasa biała (kvit pølse), Szynkowa (røykt), sląska og podhalańska.

Pølse (høgnorsk pylsa)[1] eller kurv er ein matrett laga ved å stappa mat, som regel kjøtmat, inn i eit hylster. Dei kan sidan kokast, spekjast eller røykast. Pølser er kjenneteikna av ei avlang sylinderform, og finst elles i ei rekkje utgåver: råe, t.d. medisterpølser, lett varmrøykte, t.d. wienerpølser, og dessutan salta, turr og kaldrøykte, t.d. spekepølser.[2]

Tradisjonelt har pølser hatt ilåt av tarmar. I nyare tid har ein teke i bruk kunsttarmar av kollagen, cellulose og plast. Inni ei pølse tek ein gjerne kverna kjøt laga av ulike dyr. Ein kan også ha i feitt, salt, urter og krydder. Det er også mogleg å laga pølser utan kjøt, fylte med til dømes tofu, nøtter, belgfrukter eller grønsaker.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk ordliste
  2. Skaarup, Bi: pølser i Den Store Danske på lex.dk. Henta 13. januar 2024.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pølse
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.