Pōhutukawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pōhutukawa


Metrosideros excelsa
Metrosideros excelsa

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Myrtales
Familie: Myrtaceae
Slekt: Metrosideros
Art: M. excelsa
Vitskapleg namn
Metrosideros excelsa
Synonym:
Metrosideros tomentosa

Pōhutukawa (Metrosideros excelsa) er eit eviggrønt tre i myrtefamilien. Det blømer praktfullt med ei mengde raude blomar som består av talrike støvbærarar. Treet veks helst i kystsona. Pōhutukawa er ein av tolv Metrosideros-artar som er endemiskeNew Zealand.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Trea kan veksa seg opp til 20 meter høge med ei kuppelforma forgreining. Stammane er ofte fleirdelte og kan verta opp til to meter i diameter, og røtene er tjukke og vridde. Den naturlege vaksestaden til trea er er i kyststroka på NordøyaNew Zealand, nord for ei linje mellom New Plymouth (39° S) og Gisborne (38° S). Dei veks også på strendene til innsjøar i distrikta kring Rotorua. Eit stort pōhutukawatre ved Te Araroa på austkysten gjer krav på å vera det største i landet, med ei høgde på 20 og ei vidde på 38 meter. Alderen til treet er estimert til om lag 300 år, og det har fått namnet Te Waha o Rerekohu.[1] Trea er kjende for å veksa på klipper, og er i stand til å få feste på vanskelege, nærmast vertikale stadar. Somme eksemplar har samanfletta, fibrøse luftrøter. Liksom slektningen på Hawaii, ʻŌhiʻa lehua (M. polymorpha), har pōhutukawa vist seg tilpassingsdyktig, og veks godt på lavagrunn, dette er mellom anna tilfelle på Rangitoto Island, ei vulkanøy inne i Haurakigolfen.

Blomar[endre | endre wikiteksten]

Pōhutukawatrea blømer frå november til januar, med eit høgdepunkt i siste halvdel av desember, medan det er sommarden sørlege halvkula, med strålande høgraude blomar som dekkjer treet. Derfor har dei òg fått tilnamnet Newzealandsk juletre. Det er variasjon i blømingstida til einskilde tre, like eins i sjattering og klårleik til fargane. I isolerte førekomstar har genetisk drift ført til lokale variantar: Mange av trea som veks kring innsjøar ved Rotorua dannar rosa blomar, og den gulblomande kultivaren «Aurea» stammar frå eit par tre som vart oppdaga på øya Motiti Island i Bay of Plenty i 1940.

Vern[endre | endre wikiteksten]

På New Zealand er pōhutukawatrea trua av den innførte revekusuen (på New Zealand kalla possum, Trichosurus vulpecula) som et opp lauva på trea. Ein miljøvernorganisisasjon, Project Crimson, har som mål å snu tilbakegangen til pōhutukawa og andre Metrosideros-arter.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Blømande pōhutukawa

Pōhutukawa er eit populært prydtre, og der er fine eksemplar i dei fleste av kystbyane på Nordøya. Treet har ein kraftig vokster, og er lett å få til å gro, og det greier seg godt sør for den naturlege grensa si. Det har vorte eit naturalisert tre i Wellingtonområdet og nord på Sørøya. Pōhutukawa har vorte innført til andre land med eit mildt eller varmt vêrlag, mellom anna sør-vestlege delar av Australia, og det veks no vilt på Norfolk Island. På kysten av California er det eit populært tre i gater og parkar. I somme område av Sør-Afrika veks pōhutukawa så godt at treet vert rekna for ei invasiv art, og det spreier seg no også på klipper i Sydney-regionen i Australia. Treet veks i Spania så langt nord som La Coruña.[2] I England har pōhutukawa tolt temperaturar så låge som -7,3º C (i Tresco).[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pōhutukawa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]