PASOK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Panellinio Sosialistiko Kinima (Πανελλήνιο Σοσιαλιστικό Κίνημα) - Den panhellenske sosialistrørsle (PASOK) er eit sosialdemokratisk parti i Hellas.

Det vart skipa i 1974, på grunnlag av ei eksilgruppe danna i 1968 av Andreas Papandreou, og vann parlamentsvalet i 1981. Det vann òg i 1993, men etter det byrja helsa til Andreas Papandreou å skrante, og i 1996 tok Kostas Simitis over. I 2004 kom det til eit generasjonsskifte i partileiinga, og Georgios Papandreou tok over. Dei tapte likevel makta til dei konservative i Nea Dimokratia, og vart verande i opposisjon etter valet i 2007. Ved valet i 2009 vart PASOK atter det største partiet, med nesten 44% av stemmene.

Logoen til PASOK er ei oppstigande grøn sol. Partiet blir i Hellas forbunde med grønt som politisk symbolfarge. Dette har likevel ikkje noko direkte med økologi å gjere.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den tyskspråklege wikipediaen, art. med same namnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]