Folkefronten for frigjering av Palestina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå PFLP)

Folkefronten for frigjering av Palestina eller PFLP (The Popular Front for the Liberation of Palestine) er ein væpna organisasjon som kjempar mot den israelske okkupasjonen av palestinske område. PFLP er den nest største organisasjonen i PLO, etter Fatah. Målet til PFLP er ein felles stat for palestinarar og jødar.

PFLP boikotta tidlegare vala i dei palestinske sjølvstyrte områda, men stiller no opp og har fått ca. fem prosent av stemmene.

PFLP vart kjent da dei først på 1970-talet var med på flykapringar. Men sidan har dei offisielt hatt som linje at ein berre skulle gå til åtak på militære mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk wikipedia.