PIN-kode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
PIN-kode sendt i eit konfidensielt brev.

Ein PIN-kodePersonal Identification Number») er eit numerisk passord som ein blant anna kan måtte oppgje ved start av mobiltelefonar, ved uttak frå minibankar, og ved bruk av visse offentlege tenester.

Vanlegvis består PIN-koden av fire siffer. Bakgrunnen for dette er at det skal vere relativt sikkert og samstundes vere ganske lett å hugse. Dersom alle kombinasjonar av dei fire siffera vert brukte, finst 10 000 ulike kombinasjonar av ein PIN-kode på fire siffer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]