PL Kyodan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

PL Kyodan, kort for Perfect Liberty Kyodan (engelsk og japansk, 'fullkomen fridom-kyrkja'), er ei japansk religiøs gruppe som tek utgangspunkt i zen-buddhismen og shintoismen, men som i dag ikkje har nokon band til desse. I følgje læra til PL Kyodan er liv kunst, og meininga med livet er å «skapa sann kunst» gjennom å utvikla og uttrykka seg sjølve. Liding kjem frå at ein gløymer Gud, men kan takast bort gjennom bøn.

PL Kyodan blei grunnlagd i 1946 av Miki Tokuchika. Rørsla bygger på Hito-no-michi kyodan, grunnlagd av far til Tokuchika, og Mitake-kyo Tokumitsu Daikyokai, grunnlagd av Tokumitsu Kanada før det igjen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]