PRO-drop-språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

pro-drop-språk viser til språk som ikkje treng ha subjekt i setninga, som t.d. finsk (minä) tulen kohta «(eg) kjem snart». Her er subjektspronomenet ikkje naudsynt, verbendinga -n fortel likevel at det er første person eintal. Omgrepet pro-drop-språk oppstod innanfor styrings- og bindingsteorien på 1980-talet, sjølv om andre grammatikkteoriar hadde vore klår over fenomenet tidlegare. Samsvaret mellom verbbøying og pro-drop er berre ein tendens, og ikkje ein regel: Det finst språk der verba uttrykkje person, som ikkje har pro-drop ([[t.d. tysk, og språk utan personmarkering som har prodrop (t.d. kinesisk). Det er mogleg å skilje mellom to typar pro-drop-språk: Dei som berre kan ha pro-drop i første og andre person (som finsk) og dei som kan ha det i tredje person også (som t.d. italiensk).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bresnan, Joan (ed.), 1982, The Mental Representation of Grammatical Relations, MIT Press, Cambridge, Massachusetts.
  • Chomsky, Noam, 1981, Lectures on Government and Binding: The Pisa Lectures. Holland: Foris Publications. Reprint. 7th Edition. Berlin and New York: Mouton de Gruyter, 1993.
  • Graffi, G. (2001) 200 Years of Syntax. A critical survey, John Benjamins, Amsterdam, The Netherlands.
  • Moro, A. 1997 The raising of predicates. Predicative noun phrases and the theory of clause structure, Cambridge Studies in Linguistics, Cambridge University Press, Cambridge, England.
  • Rizzi, L. (1982) Issues in Italian Syntax, Foris, Dordrecht.