Paal Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paal Berg
Foto: Thorleif Wardenær / Oslo Museum

Paal Olav Berg (18. januar 187324. mai 1968), fødd i Hammerfest, død i Bærum, var ein norsk jurist, Høgsterettsjustitiarius, leiar for heimefronten under den andre verdskrigen og politikar for Venstre.

Berg tok juridisk embetseksamen i 1895. Han blei byrettsdommar i 1900 og høgsterettsdommar i 1913. Etter kvart blei han også meir aktiv innan politikk. Etter at han i praksis skreiv utkastet til arbeidstvistlova som blei vedteke i 1915, blei han i 1919 utnemnd til statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i Gunnar Knudsen si andre regjering. Han var statsråd til regjeringa gjekk av i 1920. I 1924 blei han justisminister i Johan Ludwig Mowinckel si første regjering, til regjeringa gjekk av i 1926.

Paal Berg vart utnemnd til høgsterettsjustitiarius i 1929. Frå posisjonen i dette embetet spelte Paal Berg ei sentral rolle i Noreg under den andre verdskrigen.

Under Berg si leiing oppretta Høgsterett Administrasjonsrådet i 1940 som eit styringsorgan etter Tyskland sin okkupasjon av delar av Noreg. Rådet førte blant anna til at Vidkun Quisling delvis blei spela ut over sidelina. Berg deltok også i Riksrådsforhandlingane med tyskarane sommaren 1940.

I perioden mellom 9. april og 25. september 1940, så lenge Administrasjonsrådet var i funksjon, kunne Høgsterett fungere normalt. Administrasjonsrådet heldt seg innanfor dei grensene for ei okkupasjonsmakt sitt myndeområde som følgde av Den fjerde Haag-konvensjon av 1907. Men då Josef Terboven sine kommissariske statsrådar tiltrådde, fekk dei mynde til å gi forordningar, i strid med desse folkerettslege reglane. Terboven hadde uttalt at gyldigheita av slike forordningar ikkje kunne prøvast av Høgsterett eller nokon annan norsk domstol, slik norsk konstitusjonell rett gav domstolene rett og plikt til å gjere. Ei av desse forordningane hausten 1940 var at aldersgrensa for Høgsterettsdommarar vart sett ned - slik at fleire Høgsterettsdommarar ville gå for aldersgrensa, og kunne erstattast av NS-dommarar. I eit brev til Justisdepartementet av 12. desember 1940 skreiv dommarane i Høgsterett følgjande: «Vi kan ikke følge det syn på domstolenes myndighet som Reichskommissars brev gir uttrykk for, uten å handle i strid med våre plikter som dommere i Norges Høyesterett. Vi finner derfor ikke å kunne fortsette i vår embeter.» Alle dommarane i Høgsterett, under leiing av justitiarius Paal Berg fråtrådde deretter stillingane sine den 21. desember. Som følgje av dette blei deretter Den kommissariske «høgsterett» oppretta.

At Høgsterett på denne måten markerte motstand mot okkupasjonsmakta, tydde mykje for den tidlege motstandskampen i Noreg under den andre verdskrigen.

Berg blei seinare ein sentral mann i «Kretsen», ei gruppe som leia ein del av den sivile motstanden. Dette førte til at han i juni 1943 motviljug tok mot oppmodinga frå regjeringa i London om å bli leiar for Heimefronten, trass i at ei slik organisering enda ikkje fanst. Først i 1944 blei det som formelt blei kalla «Hjemmefrontens Ledelse» (HL) danna, med Berg som formann.

Den tyske okkupasjonen opphøyrde 8. mai 1945. Ved ei provisorisk anordning var regelen om høgsterettsdommarane si aldersgrense blitt oppheva - denne gongen for at dei som i løpet av krigen hadde passert den tidlegare aldersgrensa på 70 år igjen kunne ta sete. Høgsterettsdommarane som var utnemde før den tyske okkupasjonen 9. april 1940 blei deretter igjen samla 14. mai 1945.

Etter den andre verdskrigen blei Paal Berg beden om å forsøke å danne ei samlingsregjering som skulle verke fram til etter stortingsvalet hausten 1945. Men motstand – ikkje minst frå stortingspresident C.J. Hambro og frå sitt eige parti Venstre, i tillegg til alderen - han var 72 år i 1945 - førte til at Berg gav opp. I staden blei Einar Gerhardsen si første regjering danna.

Han var den første formannen for Arbeidsretten, frå 1. januar 1916 til 31. august 1948. Han var riksmeklingsmann i tre år frå 1946 til 1948. Berg blei også rådsformann i VG, som blei starta av sentrale heimefrontmenn i 1945.

Mal:Norske sosialministrar 1916-45