Pabay

Koordinatar: 57°17′N 5°52′W / 57.28°N 5.86°W / 57.28; -5.86
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pabay
Lokalt namn Pabaigh
Geografi
Pabay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°17′N 5°52′W / 57.28°N 5.86°W / 57.28; -5.86
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 1,22 km²

Høgaste punkt 28 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland

Demografi
Folketal 0

Pabay er ei øy like utanfor Isle of Skye i Indre Hebridane i Skottland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pabay ligg i Inner Sound of Skye, nord for Broadford. Ho ligg sør for Longay og aust for den større Scalpay.[1]

Postboks på Pabay, utsyn mot Skye
Pabay i forhold til Skye

Øya består av kalkstein, som inneheld mange fossilar, samt noko glimmerhaldig skifer, kalla pabbaskifer.[2] Dette dannar eit flatt platå med klipper på nord- og austsida. Øya vert dobbelt så stor ved lågvatn som ved høgvatn.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pabay var busett på 1800-talet.[3] Det står eitt enkelt hus på øya.[2] Øya har likevel sine eigne frimerke.[1]

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Pabay består av lyngheier, tørre grassletter, myrland og restar av skogar, samt 30,5 hektar med nyplanta skog.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Overview for Pabay». Gazetteer for Scotland. Henta 20. februar 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Isle of Pabay - History». Arkivert frå originalen 18. september 2008. Henta 20. februar 2010. 
  3. Samuel Lewis (1846). A Topographical Dictionary of Scotland: Pabay. s. 337–51. Henta 20. februar 2010.