Pabbay ved Barra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pabbay
Lokalt namn: Pabaigh 
Geografi
Pabbay ved Barra is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°51′ N 7°34′ WKoordinatar: 56°51′ N 7°34′ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 2,50 km²
Høgaste punkt 171 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Demografi
Folketal 0

Pabbay (skotsk-gælisk Pabaigh) er ei øy i Barra Isles heilt sør i Ytre Hebridane i Skottland. Namnet kjem frå Papey, som er norrønt for «øya til papar» (culdee), irske og skotske munkar. Øya har eit areal på 2,50 km² og har aldri hatt mange innbyggjarar. Under eit kraftig uvêr den 1. mai 1897 mista dei fleste mennene på øya livet då dei var på fiske. Øya vart fråreist tidleg på 1900-talet.

Ein kan sjå Pabbay lengst bak i dette biletet

National Trust for Scotland har eigd øya sidan 2000. Fuglane på øya hekkar direkte på bakken, sidan det er få pattedyr på øya.

Det finst ein keltisk eremitasje og ein piktisk runestein frå denne perioden på øya. Ein kan òg sjå restar etter ein busetnad frå jernalderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]