Pacte de Famille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pacte de Famille (Familiepakta, spansk Pacto de Familia) er ein av tre separate, men liknande alliansar mellom Bourbon-kongane i Frankrike og Spania.

Den første av desse avtalane vart laga 7. november 1733 av kong Filip V av Spania og kong Ludvig XV av Frankrike. Filip V var barnebarnet til Ludvig XIV og vart den første Bourbon-kongen i Spania i 1700, då dei spanske habsburgarane døydde ut.

Ludvig XV var nevøen til Filip. Han hadde gifta seg med Maria Leszczyńska, dottera til konge Stanislaus I av Polen. På grunn av denne ekteskapsalliansen vart Frankrike involvert i den polske arvefølgjekrigen i 1733.

Filip V skapte ein plan for å nytte denne krigen til å vinne attende tapte område i Italia for sønene sine. Han allierte Spania med Frankrike og på grunn av den nære slektskapen deira. Ludvig mislukkast å setje Stanislas inn att på den polske trona, men Bourbon-familien fekk Hertugdømet Lorraine (for Frankrike) og kongedøma Napoli og Sicilia (for Karl, den tredje sonen til kong Filip V av Spania) frå konflikten.

Den andre familieavtalen vart laga den 25. oktober 1743, igjen av kong Filip V av Spania og kong Ludvig XV av Frankrike i Fontainebleau-avtalen. Denne pakta vart signert midt i den austerrikske arvefølgjekrigen, og dei fleste klausulane hadde å gjere med utføringa av krigen. Resultatet vart at spanjolane fekk utvida makta si i Italia då den fjerde sonen til Filip V, Filip, i 1748 vart hertug av Parma, Piacenza og Guastalla.

Den tredje familiepakta vart gjort 15. august 1761 av kong Karl III av Spania og Ludvig XV med Parisavtalen.

Karl III var son til Filip V og syskenbarnet til Ludvig. På denne tida kjempa Frankrike i sjuårskrigen mot Storbritannia. Alliansen til Karl endra planen til føregjengaren, Ferdinand VI, som ønskte å halde Spania ut av krigen. Avtalen involverte Spania sine allierte Napoli og Toscana.

Då Spania vart involvert i krigen okkuperte Storbritannia Cuba og Filippinane. Karl III fekk attende desse områda med freden i Paris i 1763, men avstod Florida til britane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]