Padova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Padova
Kanalen Prato della Valle i Padova
Kanalen Prato della Valle i Padova
Plassering
Padova is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Veneto
Padova
Borgarmeister Flavio Zanonato
Geografi
Flatevidd
 - By

92 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

210 821
  2267/km²
Koordinatar 45°25′″N 11°52′″EKoordinatar: 45°25′″N 11°52′″E
Høgd over havet 12 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 35100
Telefon-retningsnummer 049
Nettstad: www.comune.padova.it

Padova (latin Patavium, venetiansk Padua) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Padova i regionen Veneto og har om lag 210 000 innbyggjarar.

Padova vert stundom rekna som ein del av storbyområdet Padova-Venezia med 1,6 millionar innbyggjarar.

Padova ligg ved elvane Bacchiglione og Brenta, 40 km vest for Venezia og 29 km søraust for Vicenza. Ved byen ligg Pianura Veneta, «Den venetianske sletta», som vert nytta til jordbruk. Sør for byen ligg Euganaiåsane, som har vore hylla av Lucan og Martial, Francesco Petrarca, Ugo Foscolo og Shelley.

Byen er pittoresk med mange gater som opnar ut mot store kommunale piazze, og mange bruer som kryssar dei forskjellige greinene av Bacchiglione, som ein gong rann rundt dei gamle bymurane som ei vollgrav.

Padova er staden der det meste av handlinga i Shakespeare sin komedie Troll kan temmes finn stad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Padova hevdar sjølv å vere den eldste byen i Nord-Italia. I følgje ei segn vart han grunnlagd i 1183 fvt. av den trojanske prinsen Antenor, som visstnok skal ha ført Eneti- eller Veneti-folket frå Balkan til Italia. Det vart grave opp ein stor steinsarkofag i 1274 og det vart erklært at dette var Atenor sine leivningar.

Patavium, som han vart kalla av romarane, var busett av adriatiske venetarar. Dei var kjend for hesteavl og den gode ulla frå sauene deira. Innbyggjarane kjempa for romarane ved Cannae, og byen vart ein romersk municipium i 45 fvt. Han vart så mektig i denne tida at han visstnok kunne stille opp med ein hør på to hundretusen mann.

Området skal ha vorte kristna av St. Prosdocimus. Han var den første biskopen i byen.

Seinantikken[endre | endre wikiteksten]

Padova i seinantikken følgjer meir eller mindre den same soga som dei fleste andre byane i Nordaust-Italia.

Padova vart hardt råka av invasjonen til hunarane under Attila (452). Han gjekk så til den gotiske kongen Odoacer og så Teodorik den store. Under gotarkrigen vart han erobra av Austromarriket i 540. Byen vart gjenerobra av gotarane under Totila, før Narses igjen tok han tilbake for austromarane i 568.

Kort tid etter erobra langobardar området. I 601 gjorde byen opprør mot den lombardiske kongen Agilulf, og etter ei 12 år lang og blodig omleiring vart byen storma og brend ned av han. Byen vart heilt hamna med jorda, og restar av amfiteateret og nokre brufundament er alt som er igjen av den romerske Padova i dag. Det tok lang tid før byen kom seg på fote att og han var framleis svak då frankarane fjerna langobardane frå Nord-Italia.

Frankarane og bispedøme[endre | endre wikiteksten]

Under riksdagen i Aix-la-Chapelle (828) vart hertugdømet grenseområdet Friuli, som Padova var ein del av, delt inn i fire grevskap, og Padova vart hovudby i eitt av desse.

I perioden då biskopane hadde makta over byane i Nord-Italia ser ikkje Padova ut til å ha vore verken viktig eller særleg aktiv. Det ser ut til at byen støtta keisaren under investiturstriden, og biskopane her var stort sett tyskarar.

Den største hendinga i denne perioden var då madjarane plyndra byen i 899. Igjen tok det mange år før Padova tok seg inn igjen.

Den frie kommunen[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1000-talet oppretta innbyggjarane ein konstitusjon, som bestod av eit generelt råd eller lovgjevande forsamling, og ein credenza eller eit styre.

Det neste hundreåret var dei i krig med Venezia og Vicenza om rettane til vassvegane på Bacchiglione og Brenta. Dette gjorde at byen fekk meir makt og sjølvtillit.

Dei store familiane Camposampiero, Este og Da Romano byrja å dukke opp og delte bydelane i Padova mellom seg. Innbyggjarane måtte velje ein podestà for å verne om fridomen sin. Det første valet deira fall på Este-familien.

Padova vart hardt råka av ein bybrann i 1174, og dette førte til at så godt som heile byen måtte byggjast opp att.

Domkyrkja i Padova

Byen fekk hjelp som medlem av det lombardiske forbundet, men indre stridar i byen førte snart til at byen vart svekka igjen. Dette førte til at Fredrik II av Det tysk-romerske riket møtte liten motstand då han i 1236 sette inn den tyranniske statthaldaren Ezzelino da Romano i Padova og dei omliggande byane der han utførte mange hjartelause handlingar mot innbyggjarane. Ezzelino vart avsett i juni 1256 utan at noko form for blodutgyting med hjelp frå pave Alexander IV.

Padova kom så inn ein periode med ro og velstand. Bygginga av basilikaen byrja og Padova fekk styre over Vicenza. Universitetet (det tredje i Italia) vart grunnlagd i 1222 og blømde gjennom 1200-talet.

Framgangen til Padova på 1200-talet førte dei etter kvart i konflikt med Can Grande della Scala, herre i Verona. I 1311 vart Padova underlagt Verona.

Jacopo da Carrara vart vald til herre av Padova i 1318. Frå då og fram til 1405 følgde ni medlemmer av den opplyste Carraresi-familien som herrar av byen, bortsett frå ein kort periode då Scaligeri styrte mellom 1328 og 1337 og to år (1388-1390) då Giangaleazzo Visconti haldt byen. Carraresi-perioden var ein rastlaus periode for byen, for dei var stadig ute i krig. I 1387 vann John Hawkwood slaget ved Castagnaro for Padova mot Giovanni Ordelaffi av Verona.

Carraresi-perioden tok slutt då Visconti-familien og Venezia fekk meir makt.

Den venetianske styret[endre | endre wikiteksten]

Tronco Maestro Riviera - ein gangveg langs ein av vassvegane eller naviglio interno i Padova.
Palazzo della Ragione.
Fasen av kyrkja San Gaetano Thiene, (1574-86) av Vincenzo Scamozzi

Padova vart ein del av Republikken Venezia frå 1405 og stort sett fram til republikken vart oppløyst i 1797.

Berre i korte periodar kom byen inn under andre (i 1509) under krigane med Cambrai-forbundet. 10. desember 1508 gav representantar for paven, Frankrike, Det tysk-romerske riket og Ferdinand I av Spania Cambrai-forbundet sigeren mot Republikken. Avtalen var at Venezia skulle sei frå seg områda sine i Italia og at desse skulle delast opp mellom underskrivarane. Maximilian I av Det tysk-romerske riket frå Habsburg skulle få Padova i tillegg til Verona og andre område. I 1509 vart Padova underlagt keisaren sine støtte spelarar i eit par veker, men venetianske troppar kom raskt til og tok han tilbake. Keisaren sende troppane sine til byen, men venetianarane klarte å stå imot omleiringa.

Byen vart så styrt av to venetianske adelsmenn, ein podestà for det sivile og ein kaptein for det militære. Begge vart vald for ein periode på seksten månader. Under desse var det små og store råd som styrte den daglege drifta av kommunen og bylova. Skattekassen vart styrt av to kammerherrar og kvart femte år sende Padova ein av adelsmennene sine som nuncio i Venezia.

Venezia bygde nye bymurar rundt Padova mellom 1507 og 1544 med ei rekkje monumentale portar.

Austerrikske styre[endre | endre wikiteksten]

I 1797 vart Republikken Venezia oppløyst ved Campo Formio-traktaten og Padova vart avstått til Det austerrikske riket. Etter Napoleon sitt fall i 1814 vart byen ein del av Kongedømet Lombardia-Venetia

Austerikarane var upopulære i Nord-Italia. I Padova oppstod det eit studentopprør under 1848-revolusjonen den 8. februar og universitetet og Caffè Pedrocchi vart omvandla til slagmarker der studentar og vanlege innbyggjarar kjempa side om side.

Under austerrikarane byrja den industrielle utviklinga av Padova. Ein av dei første jernbanelinjene, mellom Padova og Venezia, vart bygd i 1845.

I 1866 gav slaget ved Koniggratz Italia sjansen til å presse austerrikarane ut av den gamle venetianske republikken og Padova og resten av Veneto vart annektert av det nyleg danna Kongedømet Italia.

Italiensk styre[endre | endre wikiteksten]

Etter 1866 vart Padova senteret i eit av dei fattigaste områda i Nord-Italia, noko Veneto var fram til 1960-åra. Trass i dette blømde byen dei neste tiåra både økonomisk og samfunnsmessig, industrien vart utvikla og han vart eit jordbruks- og kultursenter.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Då Italia kom med i den første verdskrigen 24. mai 1915 vart Padova vald som hovudkommandosenteret for den italienske hæren. Kong Vittorio Emanuele III og sjefskommandør Cadorna flytta til Padova i krigsperioden. Etter at Italia tapte slaget ved Caporetto hausten 1917 flytta fronten seg til elva Piave, berre 50-60 km frå Padova, og byen var no innanfor rekkevidde for dei austerrikske artilleria. Byen vart bombardert fleire gonger og om lag 100 sivile mista livet.

Eit år seinare vart trugselen for Padova fjerna. Seint i oktober 1918 vann den italienske hæren eit avgjerande slag ved Vittorio Veneto (nøyaktig eitt år etter Caporetto) og dei austerrikske styrkane kollapsa. Våpenkvilen vart signert i Padova 3. november 1918 og Austerrike-Ungarn overgav seg til Italia.

Etter at Italia sitt tap under den andre verdskrigen, i september 1943, vart Padova ein del av Den italienske sosialistrepublikken, som var ein marionettstat under Nazi-Tyskland. Padova vart bombardert fleire gonger av allierte fly og hardast råka var togstasjonen og dei nordlege områda i Arcella. Den vakre Eremitani-kyrkja med freskar av Mantegna, vart øydelagd og enkelte historikarar meiner at dette var eit av dei største kulturelle tapa til Italia under krigen.

Byen vart frigjort av partisanar og britiske troppar den 28. april 1945. Etter krigen voks byen raskt og i lag med Veneto gjekk området frå å vere eit av dei fattigaste i Nord-Italia til å verte eit av dei rikaste og mest aktive i heile Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Padova

Kjelder[endre | endre wikiteksten]