Paeroa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paeroa is located in New Zealand

Paeroa er ei liten by på New Zealand. Han ligg nord i regionen Waikato, i eit område som er kalla Thames Valley, ved foten av Coromandelhalvøya. Elvene Waihou og Ohinemuri River går saman i nærleiken av byen, og han ligg 20 km frå kysten i havbukta Firth of Thames.

Innbyggjartalet var 3975 ved folketeljinga i 2006.

Paeroa er kjend for mineralvasskjeldene sine, som sørgjer for vatnet som vert brukt i ein lokalt framstilt leskedrikk som har vorte populær over heile New Zealand, Lemon & Paeroa.

Lemon & Paeroa (eller L&P) har eit spøkefullt slagord: «World Famous in New Zealand» (Verdskjend på New Zealand), og kanskje står ei av dei største leskedrikkstatuene i verda i byen. (L&P er no eigd av Coca-Cola.)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den 7 meter høge Lemon and Paeroa-flaska. Foto: Paul Moss.

I 1779 segla kaptein James Cook rundt New Zealand. Medan skipet hans låg utanfor munningen til Waihou River, drog han med barkasse oppetter elva så langt som til Netherton, berre eit par miles frå der byen vart bygd 100 år seinare.

Området vart også kort utforska i oktober 1826 av kaptein James Herd, som hadde kommando over to skip, Lambton og Isabella (eller Rosanna). Herd var send ut på ei oppdagingsferd av ein organisasjon som seinare vart kjend som New Zealand Company, og han påstod at han hadde kjøpt ein million acres (vel 4000 km2) land frå lokale māoriar i Hokianga og Manukau.[1]

I 1869 slo ei rekkje gruvearbeidarar, som såg føre seg stormløpet mot gullfelta i Ohinemuri, leir ved Cashell’s Landing «Puke».

I 1870, leigde Asher Casserels, ein litauisk jøde, landområdet som var kjent som Paeroa frå maoriane. Dette omfatta åsen Primrose Hill og det meste av det som no er bysentrum.

Først seks år seinare, då landmålaren James Mackay og gruveministeren Sir David McLean fullførde forhandlingane med maorihøvdingane Tukukino og Taraia, vart området opna. Den 3. mars 1875 strøymde seks hundre gruvearbeidarar gjennom Karangahake, som dei såg på som «Eldorado». Ein teltby til 1 600 menneske, med omkring 20 butikkar og spritutsal, heldt samfunnet i gang. Dei store gullførekomstane som Talisman og Crown vart snart oppdaga, men viste seg å vera vanskelege å utvinna. Det trongst eit kraftig maskineri for å arbeida med den harde kvartsen, og dette måtte fraktast oppetter Waihou River til Paeroa. Elva var den einaste ferdslevegen, og med to skipsselskap som dreiv frakt, vart Paeroa eit blømande transport- og distribusjonssenter.

I 1892 måtte kaianlegga nær Bank of New Zealand (Wharf Street) flyttast to miles nedstraums, og seinare til like nedanfor brua Puke Bridge på grunn av at elva vart tilmudra av utslepp frå gruvedrifta. Ei travel fraktverksemd oppstod, med fire skip som gjekk regelmessig frå Auckland til Thames og Paeroa. Jarnvegen kom, og gradvis gjekk trafikken over frå båt til bane, som i sin tur måtte vika for vegtransport.

Då det største transportfirmaet med hest og vogn, Brenan and Company, gjekk over til lastebilar, kjøpte det ut dampskipskompaniet og gav bilane sine namn etter båtane som hadde trafikert Puke River. Namna Waimarie og Taniwha var alltid måla på dei nye International- eller Ford-lastebilane dette firmaet hadde. Då transportfirmaet Sarjant’s vart slege saman med Brenan, oppstod eit stort transportsenter i Paeroa.

Då passasjertrafikken med jarnvegen gjekk attende, mista Paeroa til slutt den fargerike jarnvegen sin. Slik gjekk det alstå med den byen som oppstod som følgje av transport- og forsyningsbehovet i Haurakidistriktet. Endringar gjennom tida har fleire gonger ført til opp- og nedgangstider for byen.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Paeroa har temperert klima, varmt og fuktig om sommaren, kjøligare og råare om vinteren. Den årlege nedbøren er kring 1200 mm, og 110 dagar i året kjem det meir enn 0,9 mm nedbør.

Klimatabell: Paeroa
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Gjennomsnittstemperatur 19,2 °C 19,2 °C 17,9 °C 15,4 °C 12,4 °C 10,4 °C 9,6 °C 10,5 °C 12,1 °C 13,6 °C 15,7 °C 17,6 °C
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,9 °C 14,3 °C
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 14,5 °C 5,0 °C
Kjelde: Distriktsstyresmaktene si heimeside

National Bank Gold Refinery[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei mest kjende historiske bygningane i Paeroa, midt i sentrum av byen, er det tidlegare gullrenseanlegget til National Bank of New Zealand. Det vart bygd i 1914. I dag er bygningen privatbustad og forretning.

I 1911 danna Nasjonalbanken eit fellesføretak med gruveselskapet New Zealand Mining Trust, og banken kjøpte grunnen der renseanlegget vart reist for 200 £.

I februar 1914 var ein ferro-sementbygning med tak av jarn og ei 13 meter høg pipe ferdig. Inne var hovudrensekammeret, to analysekontor, vektrom, rekneskapsrom, maskin- og dynamorom, to soverom for tenestemenn, opphaldsrom og bad. Separat frå hovudbygningen stod eit lagerrom og kol-lager.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Det er sagt at den største føremunen til Paeroa er den geografiske plasseringa til byen, ved krysset mellom riksvegane State Highway 2 og 26. Dette set Paeroa i sentrum av eit større folketett område. Det bur fleire menneske innanfor ein omkrins på 150 km frå Paeroa enn innanfor 150 km frå Auckland. Paeroa er det sentrale tenestesenteret for Hauraki District der byen ligg som ein høveleg midtvegs stoppestad for folk som ferdast mellom Auckland og Tauranga/Rotorua. Der byen ligg, er han også den sørlege hovudvegen til Coromandelhalvøya, og den austlege til Bay of Plenty og Karangahake Gorge. I seinare tid er Paeroa omtala som «Base Camp» for mange opplevingsreiser i og omkring Coromandel- og Waikato-området.

Lokale attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Paeroa er ikkje berre opphavsstaden til New Zealands eigen leskedrikk, «Lemon and Paeroa» som har vore produsert sidan 1907, men er òg kjend for å ha i rekkje vakre stader, attraksjonar, tilskipingar samt ei mengd antikk- og bruktbutikkar.

Attraksjonane omfattar turar i skog og natur, på elva og i byen, ein historisk Maritime Park, ein golfbane og Maritimt Museum, i tillegg utsal for antikvitetsinteresserte og samlarar, og kunst- og handverksutsal.

Tilrettelegging av ei historisk fotturrute i Karangahake Gorge, Karangahake Gorge Historic Walkway, starta då jarnvegen mellom Paeroa og Waihi vart lagd ned i 1979. Ruta følgjer den gamle jarnvegstraséen, inkludert ein 1 kilometer lang tunell, og passerer fleire viktige historiske minnesmerke.

Elva Ohinemuri River renn gjennom Karangahake Gorge og gir god tilgang til område både med badeliv og piknik. For dei meir eventyrhuga fører fotturruter inn i skogreservata Kaimai-Mamaku og Coromandel Forest Parks.

Tilskipingar[endre | endre wikiteksten]

Paeroa er kjend for dei mange ulike tilskipingane som finn stad her, mest kjend er staden for hesteveddeløp, der han er mellom dei fremste i landet. Veddeløp vert skipa til heile året på Paeroa Racecourse, og jakt, skyting og fiske kan opplevast i sesongen. I februar vert det arrangert motorsykkelløp «Battle of the Streets» og musikkarrangementet «Pipe Band Tattoo», som båe dreg til seg deltakarar frå heile New Zealand og utanlands.

Aurefiske er ein populær aktivitet i Paeroa. Elvene Ohinemuri, Komata og Maratoto Streams har alle aure og er ei ufordring for den mest ivrige fiskaren.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Patricia Burns Fatal Success: A History of the New Zealand Company Utgjevar: Heinemann Reed (1989) ISBN 0-7900-0011-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°22′34″S 175°40′05″E