Pajala kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pajala kommun
Pajala vapen.svg
Kommunevåpenet til Pajala kommun
Len Norrbottens län
Landskap Norrbotten
Areal 7886 km²
 – Landareal 67.18333 km²
 – Vassareal 23.36667 km²
Folketal 6287
Kommunenummer 2521
Kart
Pajala Municipality in Norrbotten County.png

Pajala kommune er ein grensekommune på svenske länet Norrbottens län i landskapet Norrbotten. Administrasjonssentereit i kommunen ligg i Pajala. Folketalen er av både samisk, finsk og svensk herkomst. Pajala grensar mot nabokommunane Kiruna, Gällivare, Överkalix og Övertorneå. I aust grensar kommunen mot Finland.

Næringslivet i kommunen blir dominert av fleire små føretak, der ikkje minst data- og elektronikkindustrien dei seinare åra har utvikla kommunen til Norrlands svar på Silicon Valley. Gruveselskapet Northland Resources opnar eit gruveanlegg i Kaunisvaara i slutten av 2012 for å utvinne dei rike jernmalmressursane i området[1], og det er forventast at denne verksemda vil kunne gje kommunen eit økonomisk oppsving.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Muodoslompolo kyrka.

Det som i dag er Pajala kommune har sidan dei tidlegaste tidene vore busett av reindriftarar. Dei første tornedalsfinske nybyggjarane slo seg ned i den nedre delen til kommunen på 1570-talet. Soknet og kommunen er kalla opp etter den mest framgangsrike av nybyggjarane, birkarlen Lasse Pajanen (død ca 1600). Alt tidleg på 1700-talet var innbyggjarane som levde av reindrift nestan heilt drive ut av kommunen. På midten av 1600-talet vart Kengis Bruk lagt her, noko som førde til vallonsk og svensk innvandring dei neste hundreåra. Pajala er ei tradisjonsrik kulturbygd, med ei jernverkshistorie som strekkjer seg over nestan tre hundreår.

Den tornedalske identiteten har vorte forma i møtet mellom finske, samiske og til ein viss grad svenske kulturtradisjonar. Den geografiske plasseringa har ført til at Pajala lenge har vore eit naturleg handelssentrum.

Utvikling i folketalet har ikkje gagna kommunen. I 1950 budde det drygt 15 000 personar i det som i dag er Pajala kommune, i årsskiftet 2005-2006 budde det 6798 personar i kommunen. Mykje av den gamle industrinæringa basert på jordbruk og skogbruk er nestan heilt borte, og folketalen har vorte desimert og forelda gjennom dødsfall og fråflytting. Drygt 27 % av folketalen er 65 år eller eldre, noko som er blant dei høgaste andelane i Sverige. Næringslivet i Pajala blir i dag dominert av service med kommunen som største arbeidsgjevar, noko trevareforedling og pendling til malmfeltane i Gällivare og Kiruna.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Meänkieli og finsk har status som offisielle minoritetsspråk i kommunen, og Pajala er ein av seks svenske kommunar kor meänkieli har status som offisielt minoritetsspråk.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskapet er dominert av store barskogsområde med innslag av myr.[3] Torne älv er viktigaste vassdrag i kommunen, og dannar saman med sideelva Muonio älv riksgrensa mot Finland.

Pajala kommune har flyplass med daglege ruteflygingar til Luleå.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Pajala kommune hadde fire tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[4]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Pajala 1 985
2. Korpilombolo 548
3. Junosuando 345
4. Kangos 278


Andre mindre stader i Pajala kommune[endre | endre wikiteksten]

Venskapskommunar[endre | endre wikiteksten]

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i Mikael Niemi-boka Populærmusikk frå Vittula (sv. Populärmusik från Vittula) utspelar seg hovudsakleg i Pajala kommun. Vittula er ein folkeleg namn på eit villaområde i Pajala.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The fastest greenfield mine project in the world Pressemelding frå gruveselskapet Northland Resources frå 10.01 2012
  2. Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
  3. Artikkel om Pajala kommune i snl.no
  4. Statistiska centralbyrån den 31 december 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell heimeside

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pajala kommun