Pakistansk Kashmir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Kashmir med det pakistansk-styrte området markert i grønt, indisk Kashmir i oransje og dei kinesiske delane i brunt.

Pakistansk Kashmir er den delen av Kashmir som de facto blir styrt av Pakistan. Området er inndelt i to territorium: Asad Jammu og Kashmir, eller berre Asad Kashmir, i sør og Gilgit-Baltistan i nord. Området har grense til Afghanistan i nordvest, Kina i nord og indisk Kashmir i sør. I vest har han delstatsgrense til Panjab og Den nordvestlege grenseprovinsen.

Pakistan tok kontroll over vestre Kashmir i 1947, under Den første kasjmirkrigen. India omtaler området som Pakistan-okkupert Kashmir (PoK). Landet avstod det nordlege aude landskapet Shaksgam til Kina i 1963, og delte deretter sin del av Kashmir i dei to noverande territoria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]