Pakriøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pakriøyane
svensk Rågöarna

Lokalt namn: Pakri saared
Geografi
Pakri location map.svg
Stad Austersjøen
Koordinatar 59°20′N 23°57′EKoordinatar: 59°20′N 23°57′E
Store øyar Väike-Pakri, Suur-Pakri
Areal 24,7 km² (12,9 og 11,6 km²) km²
Høgaste punkt 17 moh moh.
Administrasjon
Land Estland
Fylke Harju
Demografi
Folketal 1 (2008)

Pakriøyane (estisk Pakri saared, svensk Rågöarna) er to øyar i Finskebukta i Estland: Suur-Pakri og Väike-Pakri (svensk Stora Rågö og Lilla Rågö). Administrativt høyrer dei til byen Paldiski. I fleire hundreår var øyane busett av estlandssvenskar, fram til den andre verdskrigen då heile folkesetnaden vart tvungen til å flytte.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det svenske namnet på øyane tyder «Rugøyane» og tidlegare var rug ei vanleg avling på øyane.[1] Alternative namn på øyane er Västra Rågö/Västerö og Östra Rågö/Österö.[2]

Väike-Pakri (Vesle-Pakri) er faktisk noko større enn Suur-Pakri (Store-Pakri). Årsaka for desse forvirrande namna er truleg at Suur-Pakri hadde fleire innbyggjarar, betre jordbruksland og vart sett på som viktigare.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Väike-Pakri pank.JPG

Øyane ligg nokre kilometer utanfor kysten av Estland. Väike-Pakri ligg 3 km vest for Paldiski, og mellom dei ligg Paldiskibukta (Pakribukta) (svensk Rågövik), som er over 20 meter djup. Det grunne, 3 km brei Kurksesundet skil øyane frå fastlandet i sør.

Väike-Pakri, den austlege øya, har eit areal på 12,9 km², medan Suur-Pakri er 11,6 km² (åttande og niande største øyane i Estland). Väike-Pakri er òg høgare enn Suur-Pakri (17 moh og 8 moh). Begge øyane er om lag 6 km lange og 2-2,5 km breie.

Det ligg eit par holmar i det 1-1,5 km breie og grunne sundet mellom dei to øyane. I 1952 vart det bygd ei vegfylling mellom dei to øyane av den sovjetiske hæren.

På nordkysten av begge øyane finn ein kalksteinsklipper. Dess er ein del av Baltisk klint og stig 4 meter opp på Suur-Pakri og opp til 13 meter på Väike-Pakri.[1] Begge øyane er i røynda ein del av det større kalksteinsplatået i Nord-Estland.[3]

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Storbyn på Väike-Pakri i 1930-åra.

Før den andre verdskrigen hadde dei to øyane fem landsbyar, tre på Suur-Pakri og to på Väike-Pakri.

Suur-Pakri[2]

  • Storbyn (estisk Suurküla) (100 innbyggjarar i 1935)
  • Strandbyn eller Åsbyn (estisk Rannaküla) (59)
  • Bisagidbyn (estisk Lepiku küla) (38)

Väike-Pakri[2]

  • Storbyn (estisk Suurküla) (88)
  • Lillbyn (estisk Väikeküla) (72)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Suur-Pakri

Øyane var busett i 1345, då fem svenske familiar kjøpte den vestlege øya frå Padise kloster.[1] Etter ei estisk folketeljing i 1934 hadde øyane 354 innbyggjarar, alle estlandssvenskar, bortsett frå 13 tyskarar.[4] Det var fem landsbyar og 119 heimar, eit lite folkemuseum (opna i 1935, lukka i 1940) og begge øyane hadde si eiga kyrkje og sin eigen skule. Etter at Molotov–Ribbentrop-pakta vart signert og Sovjetunionen overtok Estland, vart alle innbyggjarane på øyane tvungen til å forlate dei i 1940. Begge øyane vart erklært militærbasar for det sovjetiske forsvaret. Dei fleste estlandssvenskane reiste til Sverige før 1944 under den tyske okkupasjonen av Estland. Etter den andre verdskrigen hadde Väike-Pakri få innbyggjarar fram til 1965.[5] Under sovjettida, fram til 1992, vart øyane nytta som prøvefelt for luftbombardement av land i Warszawapakta.[1]

Etter at øyane kom tilbake til Estland i 1994 var hovudmålet å reinske øyane for udetonerte bomber. Tusenvis av eksplosiva vart øydelagd og det meste av arbeidet var ferdig i 1997.[6]

Väike-Pakri

Under landreforma etter sjølvstende til Estland, vart enkelte eigedomar gjevne tilbake til eigarane frå før andre verdskrigen. Den nordlege delen av øyane og den sørlege delen av Väike-Pakri vart innlemma i Pakri landskapsvernområde i 1998 for å verne kalksteinsklippene, alvarar og sjeldne artar.[7] I 2004 fekk øyane den første permanente innbyggjarane på fleire ti år, då ein person som var fødd her før den andre verdskrigen flytte tilbake til barndomsheimen sin og bygde opp at garden.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]