Paléet

Koordinatar: 59°54′37.314″N 10°44′56.249″E / 59.91036500°N 10.74895806°E / 59.91036500; 10.74895806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′37.314″N 10°44′56.249″E / 59.91036500°N 10.74895806°E / 59.91036500; 10.74895806

Paléet med ein av paviljongane i Paléhaven fotografert ca.1890. Tilhøyrer Oslo Museum

Paléet var opphavleg ein stor murgard på ein etasje og låg mellom Oslo Børs og Jernbanetorget i Store Strandgade 6, dagens Fred. Olsens gate i Kristiania. Fyrste trinn av Paléet blei reist av kjøpmann og skipsreiar Christian Ancher, far til Bernt Anker, i 1744-45.

I ein periode blei bygningen nytta av danske statthaldarar i Noreg. Frå 1814 var Paléet Noregs kongebustad og nytta av Kristian Fredrik. Etter unionen med Sverige blei inngått i 1814 vart han nytta av dei svensk-norske kongane inntil Det kongelege slott stod ferdig i 1849.

Paléet brann natt til 14. mai 1942 og vart rive ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Paléet
Spire Denne arkitekturartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.