Palace of Westminster
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palace of Westminster sett frå London Eye
Palace of Westminster er eit palass i Westminster i London som huser Det britiske parlamentet.
Palasset tar opp ei tomt på 32 400 m² på vestbreidda av Themsen. Tomta er omgitt i aust av 266 meter elvebreidd og i vest av Westminster Abbey, Parliament Square og Millbank. I nord ligg Portcullis House, ein moderne kontorbygning for parlamentsmedlemmer og staben deira, og under bakken ligg Westminster undergrunnsstasjon. I sør er Victoria Tower Gardens, ein liten triangulær park mellom Millbank og Themsen.
Bygningen har omkring 1000 rom, 100 trappeoppgangar og 3 km med korridorar. Andre framståande særpreg er:
- det 98 meter høge klokketårnet, som huser klokka «Big Ben»
- Underhuset og Overhuset med sine respektive vestibylar, og med ein sentralvestibyle i hjarta av bygningen
- Victoria Tower, eit firkanta tårn sørvest for bygningen, som utgjer palassets høgaste element
- Westminster Hall, bygget 1097–1099 som palassets eldste del
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Palace of Westminster» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mars 2009.