Palagonitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palagonittlag på Moyastranda i Moyotte.

Palagonitt er ein brun til gul lavabergart og består hovudsakleg av omdanna vulkansk glas, og minnar om obsidian, men har ein basaltisk samansetnad. Han vert danna ved lavautstrøyming i vatn eller under is. Vatnet går raskt over i vassdamp ved kontakt med den varme lavaen, og dei små lava-brotstykka reagerer med dampen og danner dei lyse kjeglene av palagonitt-tuff som er vanleg i område der basaltiske utbrot kjem i kontakt med vatn. Eit døme finn ein i dei pyroklastiske kjeglene på Galapagosøyane. Charles Darwin kjente igjen opphavet til desse steinane då han vitja øyane. På Island finst òg palagonitt, spesielt der basaltisk lava har strøymd ut under isbrear og vatn.

Palagonitt har òg blitt påvist i regolittMars. Den spektroskopiske signaturen til palagonittendringar på Mars er brukt som bevis på at det finst vatn på planeten.

Bergarten er kalla opp etter PalagoniaSicilia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]