Palatalisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartet viser utbreiinga av palatalisering i norske dialektar. Det gule området har palatalisering berre i trykksterke stavingar, det oransje området både i trykksterke og trykksvake stavingar.

Palatalisering er ein fonologisk prosess (lydendring) hos visse språk. Den vanlegaste forma for palatalisering går ut på at velare konsonantar, dvs. konsonantar som blir uttalt med tungeryggen mot den mjuke ganen, i visse tilfelle blir endra til palatale konsonantar, dvs. uttalt lenger fram i munnen, med tungeryggen mot den harde ganen. Eit døme frå norsk er uttale av gammalnorsk ekki som «ikkje» eller itj. Det er også vanleg å referere til prosessar der alveolare konsonantar (tannryggskonsonantar) blir uttalt lenger bak i munnen, som palatale konsonantar, som palatalisering. Eit døme på norsk er nordnorsk uttale av ordet «mann».

Samanfatningsvis meiner vi med palatalisering av ein lyd at lyden i visse omgjevnader blir endra ved at tungeryggen blir heva mot den harde ganen (lat. palatum).

I IPA-lydskrift blir palatalisering attgjeve med teiknet [ʲ], t.d. [, , ] osb. I keltologi og i slavistikk blir ofte apostrof eller einskild høgre sitatteikn brukt: /g’/, /d’/, /f’/ osb. til skilnad frå /g/, /d/, /f/ osb..

Palatalisering i norske dialektar[endre | endre wikiteksten]

Palatalisering er vanleg i norske dialektar nord for Sognefjorden og Mjøsa, men finst også i mange andre språk, til dømes italiensk og russisk.

I norske dialektar er det først og fremst historisk lange alveolarar som er palatalisert, dvs. at uttalen av ll/ld, nn/nd, dd og tt er lengre bak i munnen i palataliseringsområdet. Tendensen i vår tid er at palatalisering er på veg tilbake, særleg i dei største byane og på Nordvestlandet.

Det blir skilt mellom to grader av palatalisering. I det sørlege palataliseringsområdet (Sunnfjord, Nordfjord, Nord-Østerdalen, Nord-Gudbrandsdalen, Gauldalen og Orkladalen) uttalar ein både trykksterke hovudstavingar og trykklette endingar med palatalisering. I resten av palataliseringsområdet er det berre trykksterke stavingar som har palatalisering.

Eksempel, der «j» etter konsonant markerer at at konsonanten er palatal:

  • balljan (palatalisering berre i trykksterke stavingar)
  • balljannj (palatalisering både i trykksterke og trykksvake stavingar)

Eit kjent eksempel på palatalisering i trøndersk finn ein i visa «Hainnhoinn i bainn» skrive av Birger Jørstad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]