Palauisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palauisk
tekoi er Belau, tekoi ra Belau,
Klassifisering austronesisk
 malayopolynesisk
  sentral-austleg
Bruk
Tala i Palau, Guam, USA
Område Mikronesia
Palauisktalande i alt 15 000
Skriftsystem det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2 pau
ISO 639-3 pau

Palauisk er eit malayopolynesisk språk som er nasjonalt språk på Palau, der det har rundt 15 000 talarar.

Palauisk blir snakka av rundt 65 % av palauarar. Det er offisielt språk i dei fleste statane i Palau, bortsett frå Angaur og dei fjernare øyane Sonsoral og Tobi. Det andre offisielle språket i øyriket er engelsk.[1] Utanom Palau finst det ein del språkbrukarar på Guam og i USA.[2]

Språket tilhøyrer den sentral-austlege språkgruppa av malayopolynesiske språk, og skil seg ut frå andre språk i Mikronesia ettersom det verken tilhøyrer dei mikronesiske eller polynesiske språka. Det einaste nærskylde språket i området er chamorro, som mellom anna blir snakka på Guam.

Ein skriv palauske med det latinske alfabetet, etter ein ortografi som blei fastsett på 1970-talet.

Språkdøme[endre | endre wikiteksten]

Artikkel 1 frå menneskerettsfråsegna"

Palauisk[3] Norsk
A rogui 'l chad el mechell a ngarngii a ilmokl er tir ra diosisiu el llemalt. Ngarngii er tir a uldesuir mete mo meruul el mo rar bebil lokiu a ungil 'l omeruul ra klauchad. Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.

Artikkel XIII, seksjon 1 frå den palauiske grunnloven:

Palauisk[4] Engelsk[5]
A tekoi er Belau a bo lousbech a buai er a Belau. Ea tekoi er a Belau ma tekoi er a English a bo lousbech er a chelsel a Amt er a Belau. A Olbiil Era Kelulau a mo olterkokl a ungil el usbechel a derta er a ikal bedengel a tekoi. The Palauan traditional languages shall be the national languages. Palauan and English shall be the official languages. The Olbiil Era Kelulau shall determine the appropriate use of each language.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palau Arkivert 2020-05-01 ved Wayback Machine. i The World Factbook, cia.gov
  2. Palau. Lewis, M. Paul (ed.), 2009. Ethnologue: Languages of the World, Sixteenth edition. Dallas, Tex.: SIL International. Online version.]
  3. Belau Arkivert 2019-01-06 ved Wayback Machine., L'aménagement linguistique dans le monde (tlfq.ulaval.ca)
  4. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 26. mai 2013, henta 15. januar 2013 
  5. http://web.parliament.go.th/parcy/sapa_db/cons_doc/constitutions/data/Palau/Constitution%20of%20the%20Republic%20of%20Palau.htm Arkivert 2011-09-11 ved Wayback Machine. parliament.go.th]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]