Paldiski
| Paldiski | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Paldiski jernbanestasjon i 2011. | |||||
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Maakond | Harju maakond | ||||
| Borgarmeister | Kaupo Kallas | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
60,17 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2004) - folketettleik |
4 224 70,2 /km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) |
||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Nettstad: www.paldiski.ee | |||||
Paldiski er ein hamneby ved Austersjøen i Estland. Han ligg på Pakrihalvøya nordvest i landet. Opphavleg var han ein svensk busetnad kalla Rågervik, og vart ein russisk marinebase på 1700-talet. Russarane kalla staden Балтийский Порт eller Baltijskij Port, som tyder «Austersjøhamna» i 1762, og den estiske uttalen Paldiski vart det offisielle namnet i 1933.
Innhaldsliste |
Sovjettida [endre]
I 1962 vart Paldiski eit treningssenter for atomubåtar i den sovjetiske marinen. Med to landbaserte atomreaktorar og 16 000 tilsette, var han ein av dei største anlegga av sitt slag i Sovjetunionen. På grunn av dette var heile staden ein lukka by med piggtrådgjerde rundt fram til det siste russiske krigsskipet forlet hamna i august 1994. Russland gav frå seg kontrollen over anlegget i september 1995.
Nyare tid [endre]
Etter Estland fekk sjølvstendet sitt, hadde ikkje byen nok estiske innbyggjarar, og Paldiski vart underlagt Keila fram til 30. oktober 1996. Han ligg 45 km vest for Tallinn og er i dag ein eigen kommune med fast ferjesamband til Kapellskär i Sverige (operert av Tallink). Tomme sovjetiske bustadblokker utgjer store delar av byen, og restane etter militærbasane finst over store område.
Anlegget i dag [endre]
I dag har byen berre om lag 4000 innbyggjarar. Fram til nyleg var det berre eit lite hotell i byen, medan det no er to daglegvareforretningar, ei alkoholsjappe, ein bank og ei kro.
Paldiski er endestasjon på jernbanelinja Elektriraudtee, som går inn til hovudstaden.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Paldiski» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2009.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Google-kart over Paldiski
- Biletsoge
- Bilete frå Paldiski av Hans Fredriksson.
|
|
||
|---|---|---|
| Bykommunar | Keila • Loksa • Maardu • Paldiski • Saue • Tallinn | |
| Landkommunar | Aegviidu • Anija • Harku • Jõelähtme • Keila • Kernu • Kiili • Kose • Kuusalu • Kõue • Nissi • Padise • Raasiku • Rae • Saku • Saue • Vasalemma • Viimsi | |