Paleó Fáliro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Paleó Fáliro | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Periferi Periferieining |
Attikí Sør-Aten |
|
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
km² |
|
| Innbyggjarar - By (2001) |
64 759 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 0 - 10 m | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 175 xx | |
| Telefon-retningsnummer | 210 | |
| Bilnummer | Z | |
| Heimeside: www.palaiofaliro.gr | ||
Paleó Fáliro (gresk Παλαιό Φάληρο, tyder Gamle Fáliro) eller Palaio Faliro, eldre former Palaion Faliron eller Paleon Faliron, er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår frå 2011 i periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí. Området er kjend for å ha dei strendene som ligg nærast Aten. Byen ligg søraust for Aten og Pireus.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1920- og 1930-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen. Området er åslendt og har nokre åstoppar som går austover til fjellet Ymittós.
Paleó Fáliro har strender langs Saroniabukta. Lystbåthamna (Marína Alímou) ligg i søraust, medan Trokaderóhamna ligg i nordvest.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Palaio Faliro frå Engelsk Wikipedia .