Paleis Soestdijk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paleis Soestdijk

Offisielt namnPaleis Soestdijk
AdresseAmsterdamsestraatweg 1
StadBaarn i Nederland
Påbegynt1674
Opna1678
Stilnyklassisistisk arkitektur
Kart
Paleis Soestdijk
52°11′36″N 5°16′46″E / 52.19333°N 5.27944°E / 52.19333; 5.27944

Paleis Soestdijk er eit slott i Baarn i provinsen Utrecht i Nederland. Det er eit av dei fire offisielle slotta til den nederlandske kongefamilien. Slottet, som vart bygd av Maurits Post i 1674, var i over 60 år heimen til dåverande dronning Juliana av Nederland og hennar ektemann, prins Bernhard av Nederland, inntil dei begge døydde i 2004.

Våren 1975 prøvde fleire indonesarar å kidnappe Juliana då ho var på slottet. Planen deira var å krasje inn i porten og så kidnappe dronninga, men dei vart stoppa av politiet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]