Paleoøkologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bryozoa & Brachiopoda, Ordovician.

Paleoøkologi er læra om økologien i fortida og rekonstruksjonen av tidlegare økosystem. På grunn av at det er denne perioden det finst mest bevarte restar frå er det særleg kvartærtida som vert undersøkt, det vil seie dei siste par millionar åra. Vitskapen er knytt til biologi, geologi, kjemi, arkeologi og fleire andre disiplinar, og nyttast til å kasta lys over naturlege så vel som menneskeskapte endringar i fauna og flora over tid.

Paleoøkologien søker særleg å forstå livet i fortida, som vegetasjonshistorie, utviklingshistoria til innsjøar (paleolimnologi), istidar og verknaden av menneskeleg aktivitet som jordbruk, industrialisering og liknande. Ein gjer òg rekonstruksjonar av fysiske og kjemiske tilhøve, til dømes klima, pH, CO2-innhald i atmosfæra og liknande.

Metode[endre | endre wikiteksten]

Som regel nyttar paleoøkologar kjerneprøvar frå innsjøar, myrer og is for å vinna ut data å basera rekonstruksjonane sine på. Data som vert brukt i feltet omfattar mellom anna pollen, fossil av plantar og dyr, ulike konsentrasjonar av radioaktive og/eller stabile isotopar, sedimentsamansetnad (litologi), spor av pigment og andre biokjemiske stoff, prosentdel av organisk materiale og meir.

Organismar som særleg eignar seg til rekonstruksjonar av miljøtilhøve omfattar mellom anna diatomear, fjørmygglarvar, bladfotkreps, algegruppene Chrysophyta og Foraminifera, biller og ikkje minst planter.

Ei paleoøkologisk undersøking tek til med å definera ei problemstilling ein ønskjer å kasta lys over. Vidare må ein velja ein stad å ta prøver frå og kva slags data ein skal ta utgangspunkt i. Dei fleste forskarane innanfor feltet meiner dei beste resultata kjem når ein undersøker fleire slags indikatorar i same undersøking, gjerne frå same prøvekjerne.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Palaeoøkologien byggjer på eit uniformitarianistisk prinsipp om at naturlege endringar har vore av same slag som dei prosessane me ser i naturen i dag og at dei har gått føre seg om lag like fort. Dette vert ofte summert opp i setninga "notida er nøkkelen til fortida".

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Gjennom paleoøkologien kan ein kasta lys over ei rekkje prosessar som går føre seg i naturen; evolusjon, istider og mellomistider, korleis menneskesamfunn og natur påverkar kvarandre, naturlege klimaendringar, svingingar i bestandar av ymse organismar og meir. Sidan mange av desse prosessane går føre seg over lengre tid enn det individuelle forskarar har på seg til å gjennomføra sjølvstendige eksperiment, er det lettare å studera dei gjennom rekonstruksjonar av kva som allereie har skjedd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Birks, H.J.B. & Birks, H.H. (1980): Quaternary Palaeoecology Blackburn Press, New Jersey – ISBN 1-930665-56-3