Paleo-Tethys-havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Paleo-Tethys-havet.
Bilete av Paleo-Tethys-havet før den kimmerske plata flytta nordover og lukka havet. Paleo-Tethys-havet vart lukka for 180 millionar år sidan. Bilete er ei teikning av jorda for om lag 290 millionar år sidan (perm)
Den kimemerske plata flyttar seg nordover og lukkar Paleo-Tethys-havet, medan Tethyshavet opnar seg i sør. Bilete av jorda for 249 millionar år sidan (grensa mellom perm og trias)

Paleo-Tethys-havet var eit urhav i paleozoikum som låg mellom Gondwana og dei såkalla huniske terrana, av det som i dag dannar delar av Sentral-Europa, Den iberiske halvøya og Kina.

Paleo-Tethys-havet tok for då to små terran dreiv bort frå Gondwana i sein ordovicium og byrja å flytte seg mot Euramerika i nord. I denne prosessen for svann Rheichavet mellom Det gamle raude kontinentet og dei huniske terrana. I devontida opna den austlege delen av Paleo-Tethys-havet seg opp då Nord-Kina og Sør-Kina flytta seg nordover. Dette gjorde at Proto-Thetys-havet, ein forgjengar til Paleo-Tethys-havet, krympa fram til sein karbon, då Nord-Kina kolliderte med Siberia. I sein devon danna det seg ein subduksjonssone sør for dei huniske terrana, der botn av Paleo-Tethys-havet forsvann under. Gondwana starta å flytte seg nordover og lukka i prosessen den vestlege delen av Paleo-Tethys-havet.

I karbontida fann det stad ein kollisjon mellom Det gamle raude sandsteinkontinentet og dei europeiske, huniske terrana. Dette vert kalla den variskanske orogensen (alleghenianske orogensen i Nord-Amerika). Rheichavet hadde då heilt forsvunne og dei vestlege områda av Paleo-Tethys-havet lukka seg.

Seint i permtida braut den smale, lange kimmerske plata (i dag delar av Tyrkia, Iran, Tibet og delar av Søraust-Asia) bort frå Gondwana (som no var ein del av Pangea). Sør for Kimmeria danna det seg eit nytt hav, Tethyshavet. Seint i trias var det berre eit smalt sund igjen av Paleo-Tethys-havet. I tidleg jura, som ein del av den alpine orogensen, forsvann oseanskorpa i Paleo-Tethys-havet under den kimmerske plata og lukka havet frå vest til aust. Ein siste rest av Paleo-Tethys-havet utgjer kanskje ein del av havbotn i Svartehavet.

Paleo-Tethys-havet låg der Indiahavet og Sør-Asia i dag ligg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

References[endre | endre wikiteksten]

  • Stampfli, G.M.; Raumer, J.F. von; & Borel, G.D.; Feb 2002 Paleozoic evolution of pre-Variscan terranes: from Gondwana to the Variscan collision in Geological Society of America special paper 364, p 263

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]