Paleocen-eocen-termalmaksimumet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klimaendringar siste 65 millionar år. Paleocen-eocen-termalmaksimumet er perka PETM og kan vere underestimert med ein faktor på 2 på grunn av få prøvetakingar og midling i dette datasettet.

Paleocen-eocen-termalmaksimumet (PETM) var ei brå global oppvarming som skjedde i overgangen mellom paleocen og eocen[1]. Under hendinga skjedde det store endringar i hav- og atmosfæresirkualsjonen, foraminiferaer som levde på djuphavsbotn døydde ut og det skjedde ei stor omvelting for pattedyra på land der mange av dagens store pattedyrordenar dukka opp.

Under PETM steig den globale temperaturen med 6 °C over 20 000 år og den auka temperaturen føre til at havet steig (oppvarma vatn utvidar seg).[2]

CO2-innhaldet i atmosfæren steig og førte til ein grunnare lysoklin. Oksygenmangel på i enkelte regionar av djuphavet kan ha medverka til utryddingane i sjøen. Hendinga er knytt til negative avvik i δ13C-isotopen, som skjedde i to korte periodar (på om lag 1000 år). Desse kom truleg av utskiljing av gass frå klaterat («metan-is»-førekomstar) som forsterka oppvarminga som alt eksisterte. Utskiljinga av desse klaterata og den påfølgjande hendinga vart truleg utløyst av fleire årsaker. Ein av hovudårsakene ser ut til å ha vore auka vulkansk aktivitet [1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Katz, M., et al. (1999). "The Source og Fate of Massive Carbon Input During the Late Paleocene Thermal Maximum." Science 286 (November): 1531-3.
  2. Kennett, J.P. & Stott, L.D. 1991. Abrupt deep-sea warming, palaeoceanographic changes og benthic extinctions at the end of the Palaeocene. Nature, 353: 225-229