Paleogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paleogen
65.5 - 23.03 millionar år sidan
Pg
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 26 vol %[1]
(130 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 500 ppm[2]
(2 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 18 °C [3]
(4 °C over dagens nivå)
Hendingar i kenozoikum
sjå • diskuter • endre
-65 —
-60 —
-55 —
-50 —
-45 —
-40 —
-35 —
-30 —
-25 —
-20 —
-15 —
-10 —
-5 —
0 —
Første isbrear på Antarktis[4]
Holocen starta for 11 500 år sidan.
P
a
l
e
o
g
e
n
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum.
Skala: Millionar år sidan

Paleogen er ein geologisk periode på den geologiske tidsskalaen som saman med det etterfylgjande neogen utgjer kenozoikum (Jordas nytid). Paleogen byrja for 65,5 millionar år sidan og slutta for 23 millionar år sidan. Perioden vart definert av Carl Friedrich Naumann i 1866. Tidlegare vart jorda si nytid delt i tertiær og kvartær, men denne inndelinga vart endra i 2004 av International Commission on Stratigraphy. Paleogen omfatta berre den eldste delen av tertiær.

Epokar[endre | endre wikiteksten]

Dei geologiske epokane som paleogen vert delt i er paleocen, eocen og oligocen. Skilja går ved høvesvis 56 og 34 millionar år før notida.

Tektonikk[endre | endre wikiteksten]

Det sørlege kontinentet Gondwanaland delte seg i paleogen i Antarktis, Australia og Sør-Amerika, medan det nordlege kontinentet Laurasia delte seg i Grønland og Europa. Tethyshavet vart heilt lukka då Arabia kolliderte med Eurasia. I løpet av dei såkalla laramidske og alpine orogenesen vart Alpane, Andesfjella, Atlasfjella, Himalaya og Rocky Mountains danna.

Bergartar[endre | endre wikiteksten]

Sedimentære bergartar er vanlege frå paleogen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet var i første delen av Paleogen relativt varmt. For omkring 40 mill. år sidan kom ei tydeleg klimaforverring, der gjennomsnittstemperaturen gjekk ned med kanskje 10° i løpet av få millionar år. Det er truleg at dei store isdekka i Antarktis vart danna på denne tida, mens den nordlege halvkula heldt fram med å vera isfri gjennom heile perioden.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Skogane på land var dominerte av furuer, sypresser og lauvtre. I paleogen byrja fuglane og pattedyra sine radiasjonar sette inn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paleogen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. Zachos, J.C., Kump, L.R. (2005) «Carbon cycle feedbacks og the initiation of Antarctic glaciation in the earliest Oligocen» – Global og Planetary Change, bind 47, nr. 1, s. 51-66.
  5. Krijgsman, W., Garcés, M.; Langereis, C.G.; Daams, R.; Van Dam, J.; Van Der Meulen, A.J.; Agustí, J.; Cabrera, L. (1996) «A new chronology for the middle to late Miocen continental record in Spain» – Earth og Planetary Science Letters, bind 142, nr. 3-4, s. 367-380.
Paleogen
Paleocen Eocen Oligocen
Danium | Selandium
Thanetium
Ypresium | Lutetium
Bartonium | Priabonium
Rupelium | Chattium
Kenozoikum
Paleogen Neogen Kvartær