Paleomagnetisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paleomagnetisme rundt ein midthavsrygg.

Paleomagnetisme er studiet av spor etter magnetfeltet til jorda i bergartar. Nokre mineral i stein bevarer eit minne (remanens) om styrken og retninga til magnetfeltet til jorda når dei dannast. Dette kan gje kunnskap om endringar i jordmagnetfeltet, og vere grunnlag for å angje korleis tektoniske plater har rørt seg. Spor etter polvendingar i lag av vulkanske og sedimentære bergarter gjev ein tidsskala som blir brukt i geologien.

Magnetiske mineral som jarn vil bidra til å vende krystall- eller molekylstrukturar i bergarter mot den eksisterande magnetpolen, og over eit større område kan ein måle vinkelskilnader for å undersøkja i kva for ei retning, og kor langt unna den magnetiske nordpolen låg frå staden på det aktuelle tidspunktet. Samanlikning mellom paleomagnetiske data frå same tidsepoke på ulike kontinent blir brukt til å avgjere korleis kontinenta låg i tilhøve til kvarandre. Denne typen forsking er brukt til å gjenskape kontinentaldrifta og den historiske platetektonikken dei siste to milliardar åra. Ofte samanliknar forskarane to område på ulike kontinent «mot kvarandre» paleomagnetisk, til dømes for å stadfeste geologiske indikasjonar på at kontinenta har hengt saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]