Palestinamandatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Palestinamandatet i 1922

Palestinamandatet eller Britisk Palestinamandat var eit mandatområde nedsett av Folkeforbundet som omfatta områda Palestina og Transjordan. I dag omfattar dette statane Israel, Jordan og Dei palestinske sjølvstyresmaktene (Vestbreidda og Gaza).

Palestinamandatet vart nedsett i 1920 og oppløyst i 1948. I 1922 vart Transjordania formelt oppretta som stat, men Storbritannia held fram med å styre det meste av økonomiske, militære og utanrikspolitiske spørsmål. I 1946 sa Storbritannia frå seg denne makta og Det Hashimittiske Kongeriket Jordan vart proklamert. I 1947 overlet Storbritannia formelt ansvaret for Palestina til FN, noko som førte til FNs delingsplan av november 1947, som tok sikte på å dele området inn i éin jødisk og éin arabisk stat. Storbritannia trekte ut sine siste militære styrker frå mandatområdet 14.mai 1948, same dag som staten Israel vart proklamert. I krigen som følgde delingsplanen vann Israel suverent over palestinarane og deira arabiske grannar. Israelarar kalla krigen for Sjølvstendekrigen, medan Palestinarar kalla den for Al Nakba (katastrofen). Krigen markerte byrjinga på konflikten mellom Israel og palestinarane.