Palestinarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Palestinske ungar i Jenin, juli 2002.
Kaffidrikkande palestinarar. (Frå eit stereografi-foto trykt i USA i 1900.)

Palestinarar er i moderne språkbruk oftast bruka som nemning på hovudsakleg muslimske og i mindre grad kristne, arabiskspråklege grupper med bakgrunn frå det sørvestlege Levanten — hovudsakleg Israel, Vestbredda, vestlege delar av Jordan, Gazastripa og tilgrensande område i Egypt. Inntil tida etter Andre verdskrigen inkluderte omgrepet òg jødar — både sefardiske og mizrahiske jødar, med dokumentert lokal busetnadshistorie i over eit halvt tusen år, og askenasiske jødar, som hovudsakleg kom flyttande til området frå 1800-talet av. Desse gruppene inngår òg i PLO sin definisjon av palestinarar, med atterhald om at dei lyt ha budd i området «før den sionistiske koloniseringa tok til» (jamfør PLO-charteret) eller vera direkte etterkommarar på farssida etter folk som budde i området «før den sionistiske koloniseringa». I PLO sitt program for ein demokratisk og sekulær stat vert dette vegskiljet sett ved Balfour-deklarasjonen i 1917. I varierande grad har omgrepet òg vore bruka om samaritanarar, druzarar og mange andre etniske og/eller religiøst definerte grupper.

PLO-charteret frå juli 1968 definerer palestinarane slik:

Artikkel 5. Palestinarane er arabiske borgarar som normalt oppheldt seg i Palestina fram til 1947. Dette inkluderer både dei som vart tvinga til å reisa og dei som vart verande i Palestina. Kvar og ein som er fødd med palestinsk far etter denne datoen, er å rekna som palestinar.
Artikkel 6. Jødar som normalt oppheldt seg i Palestina fram til den sionistiske invasjonen tok til er å rekna som palestinarar.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Genetisk forsking dei siste åra har i stor grad stadfest at fleirtalet av dei muslimske og kristne palestinarane har jødar som sine nærmaste slektningar.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Det palestinske flagget

Då Oslo-avtalen vart underteikna i 1993 vart Det Palestinske Sjølvstyre oppretta. Dette var fyrste gongen PLO vart sett på som noko anna enn ein terrororganisasjon av Israel (1).

Palestina-valet 2006 Den 25. Januar 2006 vart valet gjennomført. Dette var eit val der valet i seg sjølv og partia var førehandsgodkjende av både Israel, FN og det internasjonale samfunnet (inkludert godkjenning av Hamas). Vesten sende 600 observatørar til valet, som vart gjennomført utan merknader.

Ved valet fekk Hamas 44,45%, Fatah 41,43%, Popular Front for the Liberation of Palestine 4,25%, The alternative (DFLP, PPP og PDU) 2,92% Palestinian National Initiative (AL Mubadera) 2,72 og Third Way fekk 2,41% av stemmene (2).

19. februar 2006 danna den nyoppnemnde statsministeren Ismail Haniya regjering med Hamas som regjeringparti. (3). USA og Israel ville ikkje samarbeida med ei regjering der Hamas var med. Midtausten-kvartetten, Israel og USA starta ein økonomisk sanksjon som gjekk ut på: 1)Israel heldt attende skatteinntekter samla av Israel for Det palestinske sjølvstyret (4). (T.d. skatteinntekter for hamneimport. Palestina har ingen eigne fungerande hamner, så alt går gjennom Israel). 2)Kutt av internasjonal nødhjelp til Det palestinske sjølvstyret frå Midtausten-kvartetten. (Med unntak av nødhjelp frå Sameinte Nasjonar som framleis vart halde i hevd) 3)Israelske reiserestriksjonar inne på det Palestinske området. Dei innførde også restriksjonar på import og eksport mellom palestinske byar på Vestbreidda, men også mellom Gaza og Vestbreidda. (Israel styrer meir eller mindre all ferdsel i det Palestinske området grunna alle dei mellombelse og permanente vegsperringane og checkpointa.) 4)Bankrestriksjonar frå USA

Israel, USA og Midtausten-kvartetten sette tre vilkår for at sanksjonane skulle bli heva. Det var når den palestinske regjeringa godkjende desse krava, som var: 1.At regjeringa anerkjende Israel 2.At all form for vald vart stoppa. 3.At regjeringa skulle respektera alle tidlegare inngåtte avtalar (5)

Hamas bestemde seg for å respektera inngåtte avtalar, anerkjenne Israels grenser frå 1967, og gå inn for våpenkvile i ti år(7) (1). Trass dette stoppa all form for stønad, inkludert frå Noreg. Eit unntak var nødhjelp frå Sameinte Nasjonar som framleis arbeidde og gav stønad i dei Palestinske områda (1).

Eit anna krav som kom frå USA var at det palestinske sjølvstyret skulle gå i koalisjon med Fatah. For å prøva å koma USA, EU og Israel i møte danna Hamas, Fatah og nokre uavhengige politikarar den 18. mars 2007 ei samlingsregjering som hadde 80% av folket bak seg. Sanksjonane heldt fram, så Fatah gjekk ut av samlingsregjeringa og danna ei mindretalsregjering. Dei stasjonerte seg i Ramah og styrde derifrå (1), medan Hamas styrer i på Gaza-stripa.

(1) Gilbert, Mads og Fosse, Eirik: Øyne i Gaza. Gyldendal. 2009 (2) Palestine monitor: Palestine's Guernica. 3rd Dimension. 2000 (3) http://en.wikipedia.org/wiki/Palestinian_elections_of_2006 (4) http://news.bbc.co.uk/2/hi/middle_east/4729000.stm (5) http://en.wikipedia.org/wiki/2006%E2%80%932007_economic_sanctions_against_the_Palestinian_National_Authority (6) (http://www.commondreams.org/views06/1104-26.htm)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Palestinarar
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.