Pallas Athena av David Bowie
| Pallas Athena Singel av David Bowie under namnet Tao Jones Index frå albumet Black Tie White Noise |
||
| B-side | V-2 Schneider (live) | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 26. august 1997 | |
| Innspelt | Paradiso i Amsterdam i Nederland 10. juni 1997 | |
| Sjanger | Drum'n'bass | |
| Lengd | 8:18 | |
| Selskap | BMG 74321 51254 1 |
|
| David Bowie under namnet Tao Jones Index-kronologi | ||
| «Seven Years in Tibet» (1997) |
Pallas Athena | «I'm Afraid of Americans» (1997) |
«Pallas Athena» er ein song skriven av David Bowie i 1993 for albumet Black Tie White Noise.
Pallas Atene er ei nemning for den greske gudinna Atene, som særleg blei dyrka i Aten under den greske antikken. Songnamnet «Pallas Athena» kan dermed syna til religion og ikonar og setje stemninga for eit mørkt stykke som handlar om makta religion har over menneskja.
Teksten er heller enkel, men den gjentekne linja som opnar stykket, «God is on top of it all, that's all», vert framført på ein illevarslande og truande måte, i lag med strykarar som spelar ein sorgtung melodi. Stykket utviklar seg til ein techno-song. David Bowie spelar saksofon forsterka til ein skrik-liknande lyd, i lag med Lester Bowie på trompet. Ein tekst «We are, we are, we are, we are praying» vert repetert gjennom avslutninga av songen.
Bowie brukte å spele ein drum'n'bass-versjon av songen under Earthling-turneen sin i 1997 og eit konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam i Nederland den 10. juni 1997 vart gjeven ut på singel under namnet Tao Jones Index, i ei særs avgrensa utgåve som berre var tilgjengeleg som 12" vinyl. Bowie spelte som Tao Jones Index i eit dance-telt på Phoenix Festival i 1997. Det var eit ordspel på fødenamnet hans David Jones, og at han nyleg hadde gjeve ut Bowie-obligasjonar på Dow Jones-indeksen.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
12": Arista / MEAT 1 (UK) [endre]
- «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Remix No 2) - 7:24
- «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Remix) - 5:36
- «Pallas Athena» (Gone Midnight Mix) - 4:21
- UK 1993-promo
- Ingen av miksane hadde namn i den opphavlege utgjevinga, men er lagt til på seinare utgjevingar.[1]
- Alle remiksar av Jack Dangers, Don't Stop Praying Remix No og and Gone Midnight Mix vart ikkje gjeven ut andre stader på denne tida.
12": Arista / 74321 51254 1 (UK) [endre]
- «Pallas Athena» (live) - 8:18
- «V-2 Schneider» (live) - 6:45
- Begge spora konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam den 10. juni 1997
- Opplag på berre 2000 eksemplar
2010 Digital Download EP [endre]
- «Pallas Athena» (Album Version) - 4:40
- «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Remix) - 5:38
- «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Remix No. 2) - 7.24
- «Pallas Athena» (Gone Midnight mix) - 4.20
Andre utgjevingar [endre]
- Ein remiksa versjon av songen kalla «Don't Stop Praying Remix No 2» vart gjeven ut som bonusspor på den japanske CD-versjonen av Black Tie White Noise samt på 2003-utgåva. «Don't Stop Praying Remix No 1» vart gjeven ut på singelen «Jump They Say» i lag med albumversjonen.
- Konsertopptaket, miksa av Mark Plati, vart gjeven ut på singelen «Seven Years in Tibet» i august 1997. Denne versjonen finst på bonusplata som følgde Digibook Expanded Edition av Earthling samt den sjeldne EPen, Earthling In the City.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pallas Athena (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Altenburg, Ruud. «Pallas Athena (Arista MEAT 1)». The Illustrated db Diskografi. http://www.illustrated-db-diskografi.nl/12inch/12inch6.htm#Pallas. Henta 28. sep. 2011.