Palle Fleischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Palle Rømer Fleischer på eit måleri av Hedevig Lund. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Palle Rømer Fleischer (25. oktober 17814. april 1851) var ein offiser og eidsvollsmann.

Fleischer var fødd i Moss. I 1800 vart han fenrik ved det Norske jegerkorps, året etter sekondløytnant. Frå 1808 var han kaptein ved Norske livregiment, i 1813 kaptein og kompanisjef ved Norske jegerkorps. I 1814 vart han major i hæren og adjutant hos kronprins Karl Johan. 1815-17 overadjutant i generalstaben og underkommandant på Akershus festning. 1817 vart han oberstløytnant og sjef for gevorbne musketerkorps i 1. akershusiske brigade, oberst året etter. Generaladjutant frå 1823, generalmajor 1825 og generalløytnant i 1835. Perioden 1825-44 var han fyrsteadjutant hos kongen.

Fleischer var utsending for det Norske jegerkorps på riksforsamlingaEidsvoll i 1814. Han høyrde til unionspartiet, men skal ha vore varsam med uttalane sine.

I 1836 var han medlem av kommisjonen om Noregs forsvarsverk («befæstningsvesen»). Statsråd og sjef for armedepartementet 25. oktober 1837, fekk avskjed 16. november 1848 etter fleire avskjedssøknader.

Fleischer døydde i Kristiania 1851.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]