Palmekakadu
| Palmekakadu | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Psittaciformes | |
| Familie: | Cacatuidae | |
| Slekt: | Probosciger | |
| Art: | P. roseicapilla | |
| Vitskapleg namn | ||
| Probosciger roseicapilla | ||
| Palmekakadu | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Palmkakadua |
| Dansk | Palmekakadue |
| Engelsk | Palm Cockatoo, Goliath Cockatoo |
| Tysk | Palmkakadu, Arakakadu |
| Fransk | Cacatoès noir |
| Spansk | Cacatúa de las palmas |
| Russisk | Tsjornyj kakadu (Чёрный какаду) |
Palmekakadu (Probosciger aterrimus) er ein stor oskegrå til svart papegøyefugl i kakadufamilien. Fuglen er monotypisk i slekta Probosciger.
Palmekakadua har distribusjon i regnskog og i skoglandskap i Ny-Guinea og nordlege Queensland, Australia. Ho måler ca 55-60 cm i lengd og veg mellom 500-1 000 gram. Dette er ein særeigen fugl med ein stor fjørtopp og har eit av dei største nebba blant papegøyar, berre hyasintara i sentrale Sør-Amerika har større. Det kraftfulle nebbet gjer palmekakadua i stand til å knekke nøtter og ete frø som andre artar har problem med å meistre tilgangen til. Konstruksjonen er uvanleg ved at under- og overnebbet ikkje passar saman, slik at tunga kan halde ei nøtt mot overnebbet mens undernebbet arbeider for å opne ho. Palmekakaduer har også karakteristiske raude kinnflekker som skiftar farge når fuglen er skremt eller er opphissa.
Palmekakadua har fire måtar å kommunisere med lyd på, inkludert eit «hallo»-kall som er overraskande menneskeleg. Det finst ulike dialektar gjennom leveområdet for arten. Fuglen har ei unik framsyning kor fuglen, vanlegvis hannen, trommar med ei stor grein mot eit daudt tre. Det lagar eit støynivå som kan høyrast opptil 100 meter unna. Ein trur hofuglar kan vurdere kvaliteten på reir hòla etter resonansen som tromminga skaper.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Palm Cockatoo frå Engelsk Wikipedia .