Palmer-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palmer-stasjonen
stasjon
Palmer-stasjonen i 2013
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 64°46′27″ S 64°3′11″ W
Grunnlagd 1968
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Palmer-stasjonen
64°46′27″ S 64°3′11″ W
Palmer-stasjonen is located in Antarktis
Palmer-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Palmer Station

Palmer-stasjonenÎle Anvers er den einaste forskingsstasjonen til USA i Antarktis som ligg nord for Den antarktiske polarsirkelen. Han vart først bygd ferdig i 1968. Stasjonen vert driven av United States Antarctic Program (USAP).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Stasjon er kalla opp etter Nathaniel B. Palmer, som vert rekna som den første amerikanarane til å sjå Antarktis. Palmer-stasjonen kan huse opp til 46 personar. Om sommaren er det normalt kring 40 personar på stasjonen. Palmer-stasjonen er i drift året rundt, men berre 15-20 personar er her om vinteren for vedlikehald.

Den noverande stasjonen er den andre Palmer-stasjonen. «Gamle Palmer» låg kring 1,5 km mot nordvest, nær basen til British Antarctic Survey «Base N»,[1] bygd i midten av 50-åra. Denne staden ligg på det som i dag vert kalla Amsler Island. Gamle Palmer vart bygd kring 1965, og tente som base for dei som bygde «nye» Palmer, som opna i 1968. Gamle Palmer vart nytta som naudstasjon om noko skulle skje med den nye stasjonen. Gamle Palmer vart riven ned og rydda opp av National Science Foundation i 1990-åra.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Palmer-stasjonen.

Mesteparten av forskinga ved Palmer-stasjonen dreiar seg om marinbiologi. Stasjonen husar eit årleg overvakingsustyr for eit globaltseismisk, atmosfærisk og UV-overvakingsnettverk, i tillegg til heliofysikk.[2] Det står òg ein radiomottakar på Palmer som fangar opp lynnedslagden vestlege halvkula.

Anna forsking vert gjort frå forskingsfartøyet (R/V) «Laurence M. Gould». Denne forskinga dekkjer fysisk oseanografi, maringeologi og marinbiologi. Skipet fraktar òg feltgrupper til forskjellige stader kring Den antarktiske halvøya for å studere glasiologi, geologi og paleontologi.

På film[endre | endre wikiteksten]

Den japanske filmen Fukkatsu no hi (Virus) frå 1981 går føre seg kring Palmer-stasjonen der dei siste overlevande etter eit dødleg virus samlar seg. I filmen spelar George Kennedy admiral Conway, øvstkommanderande på stasjonen, medan Glenn Ford er presidenten av USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]