Palmesundag
Palmesundag eller palmesøndag innleier den stille veka i den kristne påskefeiringa. Dagen har fått namn etter skildringa av Jesus sitt inntog i Jerusalem, ridande på eit esel medan folk la palmegreiner på vegen framfor han.
[endre] Historisk utvikling
På 500-talet samla kristne i Jerusalem seg på Oljeberget på palmesøndag. Etter å ha høyrt evangelielesing gjekk dei i prosesjon inn til byen. Tradisjonen spreidde seg nokså raskt til heile austkyrkja.
I det sjuande og åttande hundreåret byrja skikken i vest med å ta med palmegreiner til kyrkja, og i det niande hundreåret blei dette innført som ein fast del av liturgien. Festen kan reknast som fullt innført også i vest frå denne tida.
[endre] Feiring av dagen
Den liturgiske fargen for dagen er raud fordi Palmesøndag er den første festen for Kristi liding.
I den katolske kyrkja er dei truande pålagt å ta vare på greinene dei har brukt på palmesundag. Oskeonsdag året etter blir dei så brende, og oskar deira brukt til utdelinga av askekrossar.
[endre] Palmesundag i Noreg
Palmesundag er i norsk tradisjon ein merkedag mellom anna for vêr og årsvekst.
I Noreg er er seljetreet knytt til denne dagen i nokre område. Det er vanleg å ta inn seljegreiner med «gåsungar» slik at dei har grøne blad til palmesundagen, og dei kan òg brukast til å dekorera kyrkjene, i mangel på norske palmetre. Andre typar tre ein har teke i bruk i moderne tid er tuja.
|
|
||
|---|---|---|
| Den stille veka | Lasaruslaurdag · Palmesundag · Heilage måndag · Heilage tysdag · Heilage onsdag · Skjærtorsdag · Langfredag · Påskeaftan · Påskedag | |
| Påsketida | Andre påskedag · Tredje påskedag · 1. sundag etter påske · 2. sundag etter påske · 3. sundag etter påske · 4. sundag etter påske · 5. sundag etter påske · 6. sundag etter påske · Kristi himmelferdsdag | |
| Påskeforteljingar | Jesus Kristus · Pasjonssoga · Den siste nattverden · Golgata · Krossfestinga · Jesu sju ord på krossen · Påskevake · Myrraberarane | |
| Kristne tradisjonar | Artos · Judasbrenning · Krossprosesjon · Krossvegsandakt · Påskeformelen · Påskekorg · Påskelys · Påskeprosesjon · Påskesalmar | |
| Andre tradisjonar | Påskeegg · Påskehare · Påskehatt · Påskekort · Påskepynt · Eggdans · Eggkakking · Eggrulling · Langfredagsfjære · Skjæltorsdag | |