Palmyra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 34°33′36″N 38°16′2″E
Palmyra
ܬܕܡܘܪܬܐ (arameisk), تدمر (arabisk), Tadmur
busetnad
none  Palmyra og Bel-tempelet
Palmyra og Bel-tempelet
Land Flag of Syria.svg Syria
stad Tadmur i Den syriske ørkenen
 - koordinatar 34°33′36″N 38°16′2″E
Areal 0,5 km²
Grunnlagd 1000-talet fvt.
 - Fråflytta 1929
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Palmyra (arabisk تدمر, Tadmur; arameisk ܬܕܡܘܪܬܐ, hebraisk תַּדְמוֹר, Tadmor, Taḏmôr, gammalgresk Παλμύρα) er ein arabisk ruinby sentralt i Syria. Han var ein viktig by i antikken og låg i ein oase 215 km nordaust for Damaskus[1] og 180 km sørvest for Eufrat ved Deir ez-Zor. Han var lenge ein viktig stoppestad for karavaner som skulle krysse Den syriske ørkenen og var kjend som Ørkenbrura. Dei tidlegare dokumenterte kjeldene omtalar byen med det semittiske namnet Tadmor, Tadmur eller Tudmur (som tyder «byen som fråstøyter» på amorittisk og «den ustyrlege byen» på arameisk)[2]babylonske tavler funne i Mari.[3]

Sjølv om byen vart fråflytta etter 1500-talet, vert han framleis kalla Tadmor på arabisk.[4][5] Det ligg ein nyare by med same namn like ved ruinane.[6] Innbyggjarane bygde ei rekkj store monument med gravkunst som kalksteinsheller med byster av dei avdøydde.

Staden vart oppført på lista til UNESCO over verdsarva i 1980.


Tidleg morgon i Palmyra
Panorama av Palmyra
Bel-tempelet
Teateret

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimadata for Palmyra
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 12.1 14.7 19.4 25.2 30.7 35.4 38.1 37.9 34.4 28.3 19.9 13.5 25,8
Normal min. temp. °C 2.5 3.8 6.9 11.5 15.9 19.8 21.5 21.6 19.1 14.3 7.7 3.5 12,3
Nedbør (mm) 20.8 18.4 21.2 18.3 8.2 0.4 0 0 0.3 8.8 16.1 20.2
Normal mengd nedbørdagar 7 10 6 4 2 0 0 0 0 3 5 7 44
Kjelde: World Meteorological Organization

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Gamle bogar ved Palmyra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Palmyra