Pamir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pamirfjella)
Flybilde av Pamirfjella i Tadsjikistan.

Pamir er eit fjellandskap i Sentral-Asia som ligg mellom Hindukush, Karakoram, Kunlun og Tian Shan. Størsteparten ligg i Tadsjikistan, men delar av det ligg også i Kirgisistan, Kina og Afghanistan. Størsteparten av fjella ligg i den tadsjikiske provinsen Gorno-Badakhsjan, og dei fleste som bur her er tadsjikar og kirgisarar.

Aust i området ligg ei høgslette på rundt 4000–5000 moh. I vest går ho over i eit vilt fjellandskap. Pamirfjella har ei rekkje toppar på over 7 000 moh. Den høgaste toppen er Kongur Tagh (7649 moh.) i Kina.

Namnet «Pamir» er tolka som 'verdas tak', frå persisk pay-i-mehr. På kirgisisk er fjella kjende som Bam-i-duniah, som også tyder 'verdas tak'. Det kinesiske namnet på fjella er Congling (葱嶺 cōnglǐng), 'laukfjella', etter villaukane som veks her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Tadsjikistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.