Pampero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandstorm over pampasen i Brasil

Pampero er ein kald sør- til sørvestleg vind med mykje byger på pampasen i sør i Brasil, Argentina og Uruguay.

Vinden kjem gjerne i samband med ein kaldfrontpassasje og vert etterfylgd av mellom anna torevêr og støvfokk. Pamperoen er vanlegast om vinteren (særleg mellom mai og august). Om sommaren i området kring Buenos Aires, tar ein gjerne vel imot pamperoen, sidan det ofte markerer slutten på ein lang periode med høg fukt og ekstrem varme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«pampero» i Store norske leksikon, snl.no.