Pamukkale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 37°55.23′N 29°07.26′E
Pamukkale
verdsarvstad
none
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Denizli
koordinatar 37°55.23′N 29°07.26′E
Verdsarvstad
Namn Hierapolis-Pamukkale
År 1988 (#12)
Nummer 485
Region Europa
Kriterium iii, iv, vii
Nettstad: http://whc.unesco.org/en/list/485

Pamukkale (tyrkisk for «bomullsborg») er ein verdsarvstad i provinsen Denizli sørvest i Tyrkia. Det ligg varmekjelder og travertiner i byen, som er terrassar av karbonatmineral som er avsett av rennande vatn.

Travertinterrassar i Pamukkale.

Den gamle gresk-romerske og bysantinske byen Hierapolis vart bygd på toppen av den kvite «borga», som er kring 2,7 km lang og 600 meter brei og har ei høgd på 160 meter. Ein kan sjå området får åsane ovanom byen Denizli, 20 km unna.

Turisme er og har vore ein stor industri. Folk har bada i dei naturlege bassenga i tusenvis av år. Så nyleg som på midten av 1900-talet vart det bygd hotell over ruinane av Hierapolis, noko som gjorde stor skade. Ein veg vart bygd frå dalen over terrassane og motorsyklar fekk løyve til å køyre opp og ned fjellsida. Då området fekk status som verdsarvstad vart hotella rivne og vegen fjerna og erstatta med kunstige basseng. Det er ikkje lov å ha på sko på terrassane for å verne avsetningane.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pamukkale