Pamvótidasjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Pamvótidasjøen | |
|---|---|
| Stad | Ípiros |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | Reservoar |
| Tilknytte land | Hellas |
| Største lengde | 8 km |
| Største breidde | 3-4 km |
| Overflateareal | 50 km² |
| Busetnadar | Ioánnina og Pérama |
Pamvótidasjøen (gresk Λίμνη Παμβώτιδας Límni Pamvótidas), òg kalla Ioánninasjøen (gresk Λίμνη Ιωαννίνων, Límni Ioannínon), er den største innsjøen i Ípiros i Hellas og ligg nær den sentrale delen av periferieininga Ioánnina i Hellas. Han ligg aust for byen Ioánnina, medan småbyen Pérama ligg i nord. Resten av dei omliggande områda er jordbruksområde, medan områda lenger nord og aust er fjellendt. I innsjøen ligg det ei lita øy like ved byen Ioánnina. Det er den einaste busette øya i ein innsjø i Hellas. Øya har ikkje noko namn, men blir berre omtalt som Øya (gresk Η νίσος, I nísos).
Forureining øydelegg leveområda til dyra som brukte å leve her. Eutrofiering er hovudproblemet og om sommaren er blågrøne algar ganske vanleg.
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Ioannina frå Engelsk Wikipedia .