Panarea
| Panarea | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Tyrrenhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Dei eoliske øyane |
| Areal | 3,4 km² |
| Høgaste punkt | Punta del Corvo (421 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Italia |
| Region Provins |
Sicilia Messina |
| Demografi | |
| Folketal | 280 |
| Folketettleik | 82 /km² |
Panarea er den nest minste (etter Basiluzzo) av dei viktigare medlemmane av Dei eoliske øyane i Tyrrenhavet utanfor nordkysten av Sicilia i Italia. Ho har eit areal på berre 3,4 km². I antikken vart øya kalla Euonymus, den nærliggande småøya til Basiluzzo, som administrativt høyrte til Panarea, vart kalla Hycesia" Det er arkeologiske spor som går tiblake til mykenske innbyggjarar, om lag 1200 f.Kr., og øya var seinare busett av romarar. Det budde framleis folk på øya fram til sjørøvarar og andre røvarar i Middelhavet gjorde det umogeleg å bu her etter Romarriket sitt fall.
Øya er ein gamal, utdøydd vulkan. Det høgaste punktet på øya er Punta del Corvo med ei høgd på 421 meter over havet. Det er varmekjelder nær landsbyen Punta di Peppe e Maria. Mange kjem til den vetle øya for å dykke, og ein kan til og med symje til eit skipsvrak mellom klippene ved Lisca Bianca og Bottaro.
I dag bur det om lag 280 innbyggjarar på øya året rundt, men om sommaren kjem det turistar hit i hopetal.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Panarea frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Ezio Giunta, dir. (2005) «Panarea» – Estateolie 2005*The Essential Guide (English version of Tourist Guidebook), s. 100–103.