Panini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Panini (fleirtyding)
Bjørkebarkmanuskript frå Kashmir med Rupavatra, eit verk avleidd av grammatikkverket til Panina.

Pāṇini [paːɳɪnɪ], med devanagari पाणिनि, var ein indisk grammatikar som truleg levde på 400-talet f.Kr. og er kjend for systematiseringa av sanskrit. Verket hans aṣṭādhyāyī er den eldste overlevande sanskrit-grammatikken. Det er rekna som grunnlaget for indisk språkforsking, og har også hatt innverknad på moderne lingvistikk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Lite er visst om Panini sjølv. Han skal ha blitt fødd ved Salatura i Gandharariket, eit område som no ligg i Afghanistan og Pakistan. Verket hans har blitt tidfesta til mellom 600- og 300-talet f.Kr.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Panini skildra klassisk sanskrit gjennom fleire tusentals sutra, samanfatta læresetningar tilpassa munnleg overlevering. Det grammatiske verket hans er delt i fire:

  • akṣarasamāmnāya ('framseiing av fonem') eller śivasūtrāṇi (Sjiva-sutraene) inneheld vers som organiserer fonema i sanskrit.
  • aṣṭādhyāyī ('Åtte kapittel') skildrar morfologien i språket, og er rekna som det viktigaste verket.
  • dhatupatha er ei liste over verbalrøter
  • gaṇapāṭha er ei liste over nominalrøter

I aṣṭādhyāyī skildrar Panini lyd- og formlæra i klassisk sanskrit i 3 959 sutra.

Seinare innverknad[endre | endre wikiteksten]

Sanskrit har ein viktig plass innan hinduismen, og mot slutten av vedisk tid såg ein på det som særs viktig å ta vare på form og forståing av religiøse og rituelle tekstar mot uunngåelege språkendringar. Det blei skild mellom sanskrit ('velforma' eller 'samansett språk') og prakrit ('vanleg' eller 'naturleg språk').

Panini bygde på tidlegare grammatiske studie, men verket hans var så omfattande og presist at det fortrengde andre grammatikkar. Verket blei raskt teke i bruk av brahminar og det blei skrive ei rekke kommentarverk. Tradisjonen etter Panini omfatta også semantikk og språkfilosofi.

Då vestlege vitskapsfolk oppdaga Panini tidleg på 1800-talet brukte dei strukturen hans som modell for samanlikningar av indoeuropeiske språk. På 1900-talet blei nokre av metodane hans teke i bruk av moderne lingvistar som Leonard Bloomfield og Noam Chomsky.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Panini» i Store norske leksikon, snl.no.
  • "pāṇini", Oxford Dictionary of Hinduism. W. J. Johnson (red). Oxford University Press, 2009
  • "pāṇini", The Concise Oxford Dictionary of World Religion. John Bowker (red.), Oxford University Press, 2000.
  • "pāṇini", The Concise Oxford Dictionary of Linguistics. P. H. Matthews. Oxford University Press, 2007.
  • "Sanskrit language." Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online, 2009.
Spire Denne språkartikkelen som har med India og Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.