Panjabi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Panjabi
(ਪੰਜਾਬੀ / پنجابی)
Klassifisering: Indoeuropeisk

 Indoiransk
  Indoarisk
    Panjabi

Bruk
Tala i: India, Pakistan og andre land med utvandrarar frå Panjab
Område: Panjab
Panjabitalande i alt: 27 125 000 (austlege, som morsmål)

78 000 000 (vestlege, som morsmål)

Rangering: 11. største språket i verda
Skriftsystem: Gurmukhi, sjahmukhi, devanagari
Offisiell status
Offisielt språk i: Panjab, India
Normert av: -
Språkkodar
ISO 639-1: pa
ISO 639-2: pan
ISO 639-3: pan
Wikipedia på panjabi

Språket panjabi (panjabi ਪੰਜਾਬੀ [Paṃjābī]), nokre gonger skrive punjabi, høyrer til den indoariske greina av indoeuropeiske språk og blir snakka av folk i Panjab-regionane i India og Pakistan. Det har over 90 millionar talarar, og er dermed verdast ellevte mest tala språk.

Panjabi er det heilage språket i sikhismen og det er det viktigaste språket for populærmusikksjangeren bhangra.

Ordet «panjabi» skrive med gurmukhi og shahmukhi.

Panjabi kan skrivast med tre ulike skriftsystem: Gurmukhi, som er spesiallaga for språket, sjahmukhi, som er ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, og devanagariskrift, som òg blir brukt for hindi.

India[endre | endre wikiteksten]

Panjabi er det offisielle språket i den indiske staten Panjab og blir òg tala i granneområde som Haryana og Delhi.

Pakistan[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om kring halvparten av innbyggjarane i Pakistan har panjabi som morsmål, har språket ikkje offisiell status der og blir heller ikkje bruka i utdanninga. Panjabi-språklege pakistanarar brukar vanlegvis anten urdu eller engelsk i formelle samanhengar som offentleg styring, aviser og utdanning. Dette har ført til ein del misnøye blant det panjabi-språklege fleirtalet i Pakistan — eit fleirtal på 60 % om ein reknar med den nærskylde dialekten siraiki som blir tala kring den historiske byen Multan.

Andre land[endre | endre wikiteksten]

Panjabi blir tala som innvandrar- og minoritetsspråk i mange land, inkludert Afganistan, Storbritannia, USA og, ikkje minst, Canada: I Canada er panjabi det sjette største språket med 271 220 menneske som brukar det som daglegspråk.

Sikhismens heilage språk[endre | endre wikiteksten]

Panjabi er det heilage språket i sikhismen, og sikhanes heilage skrift Guru Granth Sáhib er hovudsakleg skriven på panjabi og med gurmukhiskrift.

Bruk i bhangramusikken[endre | endre wikiteksten]

Den populære populærmusikksjangeren bhangra, som i dei siste åra har vorte svært populær både i Sør-Asia og andre stader, har i all hovudsak tekster på panjabi.


Viktige forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediapanjabi