Pannotia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til kontinenta på jorda for 550 millionar år sidan etter at Pannotia braut saman.

Pannotia er eit hypotetisk superkontinent som eksisterte frå rundt 600 millionar år sidan til slutten av prekambrium for om lag 540 millionar år sidan. Det vert òg kalla Vendia.[1]

Danning[endre | endre wikiteksten]

For om lag 750 millionar år sidan braut det førre superkontinentet Rodinia opp i tre kontinent, Proto-Laurasia (som braut saman og seinare kom saman att som Laurasia), dei kontinentale kratonane Kongo, og Proto-Gondwana (heile Gondwana bortsett frå Kongo-kratonen og Atlantica).

Proto-Laurasia roterte sørover mot Sørpolen. Proto-Gondwana roterte andre vegen. Kongo-kratonen kom mellom Proto-Gondwana og Proto-Laurasia for om lag 600 Ma. Dette danna Pannotia. Med så mykje landmassar rundt polane er det spor som tyder på at det var meir isbredanning i denne tida enn nokon annan gong i historia.[2]

Geografi og levetid[endre | endre wikiteksten]

Pannotia var forma som ein V som peika nordaustover. Inne i denne V-en var eit hav som opna seg opp då Rodinia braut saman. Dette havet vert kalla Panthalassa, eit hav som vart det tidlege Stillehavet. Det var ein midtoseanisk rygg i midten av havet. Utanfor V-en vart eit enormt hav kalla Det panafrikanske havet, som kan ha lege omkring heile Pannotia, som Panthalassa seinare skulle gjere.

Pannotia varte relativ kort tid. Kollisjonane som danna Pannotia berre streifa kvarandre og kontinenta som utgjorde Pannotia hadde alt aktiv riftdanning. For om lag 540 millionar år sidan, eller berre om lag 60 millionar år etter at kontinentet vart danna, braut Pannotia opp i fire kontinent: Laurentia, Baltica, Sibir og Gondwana. Seinare ville desse landmassane slå seg saman att og danne Pangaea.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pannotia. Palaeos. Vitja 19. august 2008.
  2. Precambrian Paleobiology. Virtual Fossil Museum. Vitja 19. august 2008.
  3. Pannotia. UCMP Glossary. Vitja 19. august 2008.